15/06/2026
☀️ Sommarferien er snart rundt hjørnet!
Etter ei fantastisk helg med Sykkylvsdagane vil vi gjerne minne om aktivitetane hos oss den komande veka 💛
🖥️ Måndag frå kl. 12.00: Digihjelpen
Treng du hjelp med mobil, nettbrett eller PC? Vi er her for å hjelpe med små og store digitale utfordringar.
🌿 Tysdag: Naturmøteplassen ved Bakkedammen
Ein hyggeleg møteplass med bålkaffi, gode samtalar og sosialt fellesskap i vakre omgjevnader.
☕🌍 Tysdag kveld: Språkkafé
Siste Språkkafé før sommarferien blir markert med ein sosial tur og godt fellesskap. Vi gler oss til ein kjekk kveld saman! 💛
🕒 Onsdag: Vanleg opningstid til kl. 15.00.
🥪 Torsdag: Karbonadedag
Som alltid serverer vi våre populære karbonadesmørbrød.
🚲 Utstyrssentralen er open!
Planlegg du sommaraktivitetar? Hos Utstyrssentralen kan du låne utstyr til både kjende og nye aktivitetar. Sykkelutlån skjer måndagar og torsdagar fram til kl. 16.00.
For oversikt over utstyr og kriterium for utlån, sjå nettsida vår:
Utstyrssentralen i Sykkylven
🧇☕ Kvar dag har vi vaffeljarnet varmt og kaffikoppen klar. Hos oss er det alltid rom for ein god prat og hyggeleg fellesskap.
💛 Før helga set inn på fredag, håpar vi du tek turen innom sentralen – ein sosial møteplass for alle.
Vi gler oss til å sjå deg!