02/05/2026
I år vil vi ha enda meir fokus på MC enn det vi har hatt dei siste åra, og har vert heldig å fått med oss tre kjekke karar fra Loen som skal organisere denne biten!
I den forbindelse tok vi turen innom garasjen dei brukar til sosialt samvær, skrønerhistorier og sist men ikkje minst til mekking og stell av sine syklar.
Den første syklen ut er Kenneth Rasmussen sin BMW s1000rr, 2023 modell. Denne er rikt utstyrt med M chassi kit, akrapovic eksos, dynamisk demperkontroll, quick shift og i følge eigaren «mykje anna unødvendig elektronikk»
Han eig også den gule syklen ein kan sjå i bakgrunnen. Dette er ein Honda CBR 600 F4 fra 1999 som er ei god gamal forgassermaskin med god lyd.
Neste mann ut er Christoffer Olsbø som har ein BMW S1000r 2017 modell. Dette er ein herlig streetfighter med mykje fint utstyr som blant anna: HP Akrapovic eksos, dynamisk demperkontroll, anti wheele, lounch control, quick shift og en nydelig rekkefirer med meir enn nok power!
Sist men ikkje minst har vi Stian Sæten med sin nylakka sykkel i fargen BMW Nardo gray! Dette er ein 2000 Honda VTR 1000 Firestorm. Syklen har ei fin V2 maskin med nydelig bunndrag og eksos fra Devil. Her finn ein også ettermontert undertail. Til slutt vil vi legge til at Stian er spenn klar til å vise både seg sjøl og sykkelen fram på Per Bolstadplass laurdag 6.juni! 😉