Storfjordens Venner

Nettsted Kontakt organisasjonen

Storfjordens Venner Ideel organisasjon som arbeider for ivaretaking av dei gamle fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre. På fråflytta fjord.

Storfjordens Venner vart stifta 12.juli 1975, og arbeider for å verne om kulturminne og levande tradisjon. Interesseområdet for foreininga er dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre med fjordarmane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden. og fjellgardar ved Storfjorden gjenreiser og restaurerer Storfjordens Venner bygningar finansiert ved eigne midlar, dugnad, offentlege og private tilskot. Mange eigarar får tilskot til restaurering og transport. Storfjordens Venner har og delteke i rydding og vedlikehald av råser, stell av kulturlandskap m.m. Foreininga arrangerar kvart år Storfjordstemne og gir ut Storfjordkalenderen. Den innhaldsrike Storfjordkalenderen skildrar dagleglivet på fjord- og fjellgardane gjennom tekst og foto. Storfjordens Venner eig garden Yste.Skotet som var ei gåve til foreininga frå dei tidlegare eigarane. Storfjordens Venner har stått for restaureringa av garden. På Yste-Skotet får besøkande lære om og oppleve gamle tradisjonar i eit eigna miljø. Garden tek i mot besøk etter nærare avale perioden mai til september. Store delar av nedslagsfeltet for Storfjordens Venner er ein del av verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap.

Storfjordens Venner var representert på Fjord Frivilligfestival søndag 20. september 🌿Frivilligfestivalen var ein fin mø...
20/09/2026

Storfjordens Venner var representert på Fjord Frivilligfestival søndag 20. september 🌿

Frivilligfestivalen var ein fin møteplass der frivillige lag og organisasjonar fekk vise fram arbeidet sitt, møte folk og kanskje også få med seg nokre nye medlemmer på laget.

Og sjølvsagt var MEDLEMSKOPPEN med! ☕️

Har du lyst til å bli ein del av Storfjordens Venner? Som medlem er du med og støttar arbeidet vårt med å ta vare på og formidle kulturarven langs Storfjorden.

👉 Les meir om medlemskap på nettsida vår – lenke i kommentarfeltet.

☕️ Gjer som Eva og Bjørnar – ta med MEDLEMSKOPPEN på tur!For ein flott plass å nyte både utsikta og kaffien 🌿Den siste t...
13/09/2026

☕️ Gjer som Eva og Bjørnar – ta med MEDLEMSKOPPEN på tur!

For ein flott plass å nyte både utsikta og kaffien 🌿

Den siste tida har vi hatt stor glede av å pakke og sende ut mange medlemskoppar til nye medlemmer i Storfjordens Venner. Det synest vi er skikkeleg stas!

Har du fått din? Ta den med på tur, knips eit bilete og tagg – vi vil gjerne sjå kvar medlemskoppen blir med på tur 📸

Vil du også bli medlem? Alle som melder seg inn i løpet av 2026 får medlemskoppen gratis tilsendt.

Les meir om medlemskap – lenke i kommentarfeltet💚

Foto : Eva Hove og Bjørnar Midtbust ✨️

Bildedryss frå turen til Knivsflå og Litlesætra laurdag 5. september 🌿Heile 24 deltakarar var påmelde, og med godt oppmø...
06/09/2026

Bildedryss frå turen til Knivsflå og Litlesætra laurdag 5. september 🌿

Heile 24 deltakarar var påmelde, og med godt oppmøte, kjekke turleiarar og vêret på vår side vart det ein flott dag i det vakre fjordlandskapet.

Tusen takk til turleiarane Ingvald Knivsflå og Jon Kåre Løvoll – og til alle som vart med på tur til denne makalause fjordgarden i Geiranger! ⛰️🌿

Har du fleire foto frå turen, vis dei gjerne i kommentarfeltet til oss. 💚👋



Foto: Merete Løvoll Rønneberg

Storfjordens Venner ønskjer fleire med på laget.📩💚Gjennom ein ny verveaksjon vil vi nå ut til endå fleire som ønskjer å ...
31/08/2026

Storfjordens Venner ønskjer fleire med på laget.📩💚

Gjennom ein ny verveaksjon vil vi nå ut til endå fleire som ønskjer å støtte arbeidet med å ta vare på kulturarven langs Storfjorden.

I tida framover vert det delt ut flygeblad i postkassene i nedslagsfeltet vårt, med meir informasjon om arbeidet vårt og korleis du kan bli medlem.💚

Nye medlemmar som melder seg inn i løpet av 2026 får også den emaljerte Medlemskoppen som velkomstgåve.😀

Les gjerne meir om medlemsrekrutteringa vår her:
https://www.storfjordensvenner.no/artiklar/medlemsrekruttering

Foto: 1. Vivian F. Nydal 2. Bjørnar Midtbust

24/08/2026

Kjekt å sjå Vestnorsk fjordlandskap løfta fram i NRK-serien «Vår verdensarv».

I episoden får vi også sjå folk med tilknyting til Storfjordens Venner og arbeidet med å ta vare på kulturarven langs fjorden.

Følg med! ☘️

BLI MED TIL KNIVSFLÅ - FULLBOOKALaurdag 5. september går turen til den spektakulære fjellgarden Knivsflå ved Dei sju sys...
21/08/2026

BLI MED TIL KNIVSFLÅ - FULLBOOKA

Laurdag 5. september går turen til den spektakulære fjellgarden Knivsflå ved Dei sju systrer.

Med kjekke og lokalkjende turleiarar blir dette ein flott dag med historie, utsikt og gode opplevingar langs fjorden.

FULLBOOKA!

Les meir og meld deg på via lenke i kommentarfeltet 👇

📸 Vivian F. Nydal

GLIMT FRÅ DUGNADSHELGA PÅ Ytste Skotet.🌿💚Helga 14.–16. august var det igjen stor aktivitet på Ytste Skotet.🌾Dugnadsfolke...
18/08/2026

GLIMT FRÅ DUGNADSHELGA PÅ Ytste Skotet.🌿💚

Helga 14.–16. august var det igjen stor aktivitet på Ytste Skotet.🌾

Dugnadsfolket fekk slått og rydda bøane kring tunet, og garden står no flott og velstelt etter innsatsen. Samtidig vart det arbeidd vidare med det særmerkte vasshjulet – som denne helga endeleg fekk prøvd seg i drift.🌿

Vasshjulet gav kraft til både treskemaskina og vedkløyvaren på låven, og det var stort å sjå det gamle maskineriet i gang att.

Mykje god mat vart også selvfølgelig servert frå kokkene på kjøkkenet. Saftig sjokoladekake var selvfølgelig ein del av menyen!🍫🍩

Trass i skiftande vêr var det godt oppmøte, med både kjende andlet og fleire nye, unge dugnadsfolk.💚

Tusen takk til alle som var med og bidrog denne helga💚🌿🌾.

Les meir om dugnaden - lenke i kommentarfeltet. ☘️

📸 Vivian F. Nydal

Ei lita påminning 🌿Til helga er det dugnadshelg på Ytste Skotet, med slåttedugnad laurdag og søndag.Har du lyst til å ve...
12/08/2026

Ei lita påminning 🌿

Til helga er det dugnadshelg på Ytste Skotet, med slåttedugnad laurdag og søndag.

Har du lyst til å vere med? Les meir via lenke i innlegget under.

DUGNADSHELG PÅ Ytste Skotet🌿🌾

Frå fredag 14. til søndag 16. august inviterer dugnadsgruppa til dugnadshelg på Ytste Skotet.

Denne helga vert det også slåttedugnad, med arbeid ute på garden, sosial samling og rømmegraut laurdag kveld.

Det vert sett opp båttransport frå Dyrkorn laurdag formiddag, og det er mogleg med overnatting til søndag for dei som ønskjer det.

Dette kan bli ei flott og meiningsfull helg i historiske omgjevnader – og vi håpar mange har lyst til å vere med.💚

Les meir i artikkelen via lenke i kommentarfeltet 👇

Siste dagane på Ytste Skotet for sesongen 2026😀
06/08/2026

Siste dagane på Ytste Skotet for sesongen 2026😀

Da går vi inn i siste uke hvor det er åpent på Ytste Skotet for sesongen.
Hjertelig velkommen til gards😊!
Det går båtskyss fra Dyrkorn og vi har matservering, se meny i eget innlegg på facebook. 😁
Ta kontakt på tlf 48918093 for booking og informasjon

Adresse

Norsk Fjordsenter
Stranda
6216

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Storfjordens Venner legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Storfjordens Venner:

Snarveier

Del