Seljord Mållag

Seljord Mållag Seljord mållag vart stifta 3.februar 1901 som Seljord maallag av Jaacob Naadland og Aslak Groven.

Nynorskdagen 2026Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. I april reiste Berg...
12/05/2026

Nynorskdagen 2026

Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. I april reiste Bergit på Landsmøte i Noregs Mållag på vegne av Seljord mållag. Ho deler i dag eit reisebrev frå møtet:

Moro å vera der saman med noko over 200 målfolk frå heile landet. NM har sett seg det hårete mål at me skal bli ein million nynorskbrukarar i 2050!

For å nå dette målet er det viktig at Jamstellingsvedtaket frå 1885 kjem inn i Grunnlova. Det er ei gruppe med politikarar frå alle parti på Stortinget som jobbar med å få vedteke at det skal stå i Grunnlova at dei to norske skriftspråka skal vera sidestilte. Det er Løvebakken mållag som står bak dette arbeidet.

Med seg har dei ein bokmålsmann med solid røynsle frå politikken; Martin Kolberg. Han gjesta landsmøtet og fortalde mykje interessant frå Grunnlovsjubileet i 2014. Då vart Grunnlova omsett til nynorsk på ein så god måte at mange advokatar brukar den versjonen fordi bokmålsversjonen er svært gamaldags.

Eg var på talarstolen og fortalde at Seljord mållag feirar 125-års-jubileum dette året. Me har starta ein vervekampanje og tatt mål av oss til å doble medlemstalet i jubileumsåret.

Til no har me verva om lag 40 nye medlemmer, så me er på god veg til å doble medlemstalet som var om lag 50 ved starten av året. Kanskje me greier å bli 125 medlemmer i det året Seljord mållag fyller 125 år!

Dersom du vil verve nye medlemmer kan du sende namn, adresse, e-post, telefonnr og fødselsår til Bergit Telnes, 90691674 eller [email protected], så melder eg dei inn til Noregs mållag. Dei vil så bli kontakta og bedne om å betale 200 kr det første året.

�Ein siste oppfordring for leiaren i Seljord mållag i høve Nynorskdagen: Bli med oss i målrørsla! Me treng betalande medlemmar, men også dei som kan vere aktive i lag og styre. Ta kontakt med leiar på e-post [email protected] viss du vil høyre meir om kva me arbeider med, eller om du har forslag til aktivitetar.

Foto: Kristianne Marøy

Nynorskveka 2026Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. Øyfrid tipsar om Nor...
09/05/2026

Nynorskveka 2026

Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. Øyfrid tipsar om Norsk Barneblad og alle dei fine aktivitetane me finn der.

Norsk barneblad er eit av dei aller eldste barneblada i verda som framleis kjem ut, og har sidan 1887 engasjert ungar med faktatekstar, forteljingar, teikneseriar og meir. Me har fått løyve til å dele to gode helgeaktivitetar: ei oppskrift på omnspannekake og ein kviss. Under nynorskveka har dei tilbod på klassesett av mainummeret deira som handlar om skrift.

Korleis markerer du nynorskveka? Bli medlem i Seljord mållag, send sms NYNORSK til 2490 (200 kr) eller fyll ut skjema (lenke i kommentarfeltet). Er du allereie medlem? Verv ein ven eller ti!

Nynorskveka 2026Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. Torunn trekkjer fram...
07/05/2026

Nynorskveka 2026

Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. Torunn trekkjer fram ein artig serie for dei minste:

Historiene om Bø og Bæ er lettleste og morosame for store og små. Det gjer ingenting å lese dei opp att og opp att! Du finn dei på Seljord bibliotek!

Korleis markerer du nynorskveka? Bli medlem i Seljord mållag, send sms NYNORSK til 2490 (200 kr) eller fyll ut skjema (lenke i kommentarfeltet). Er du allereie medlem? Verv ein ven eller ti!

Nynorskveka 2026Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. Først ut er Drífa: I...
06/05/2026

Nynorskveka 2026

Styret i Seljord mållag markerer nynorskveka med å tilrå nokre nynorske favorittar. Først ut er Drífa:

I Noreg er me heldige, me har fleire gode teater! Ikkje minst Riksteateret som reiser Noreg rundt med framsyningar. For nokre år sidan såg ungane mine og eg Vaffelhjarte basert på boka med same tittel av Maria Parr i Seljord, og det var stas. Me hadde lese boka om Trille og Lena like før. Parr skriv for barn, men dei er ei glede å lese for vaksne òg. Dei siste bøkane hennar om Oskar og storesøstera Ida er varme, triste, fine og morosamme for store og små. Du finn dei på Seljord bibliotek!

Korleis markerer du nynorskveka? Bli medlem i Seljord mållag, send sms NYNORSK til 2490 (200 kr) eller fyll ut skjema (lenke i kommentarfeltet). Er du allereie medlem? Verv ein ven eller ti!

I morgon startar nynorskveka. På oppdrag frå Noregs Mållag har Nynorsksenteret laga opplegg for barnehagar og skular!
05/05/2026

I morgon startar nynorskveka. På oppdrag frå Noregs Mållag har Nynorsksenteret laga opplegg for barnehagar og skular!

Sjå her, alle lærarar og barnehagelærarar! På onsdag startar nynorskveka, og på oppdrag frå Noregs Mållag har Nynorsksenteret laga nye opplegg for barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande.

Sjekk ut alt opplegget via lenkja kommentarfeltet!

Kva er di favorittbok på nynorsk? Det kan vere vanskeleg å velje berre ei! I dag skal leiaren i Seljord mållag lese vida...
23/04/2026

Kva er di favorittbok på nynorsk? Det kan vere vanskeleg å velje berre ei! I dag skal leiaren i Seljord mållag lese vidare i Frankenstein av Mary Shelley, omsett av Øyvind Vidnes for Skald forlag. Kva les du for tida?

Takk for all den fine nynorsklitteraturen, kjære nynorskforfattarar! ❤️

I dag ynskjer me til lukke med verdas bokdag! Hugs å lesa nynorsk 🤓

Årsmøte nr. 125 i Seljord mållag var vellukka. Vanlege årsmøtesaker, kveding ved Gisle Snarteland og utlodning. Takk til...
11/02/2026

Årsmøte nr. 125 i Seljord mållag var vellukka. Vanlege årsmøtesaker, kveding ved Gisle Snarteland og utlodning. Takk til næringslivet som sponsar oss med gevinstar!

03/02/2026

Årsmøte 10.februar kl.19.00:
Seljord mållag ynskjer velkomen til Åmotsdal grendehus med kulturinnslag av Gisle Snarteland og utlodning av flotte gevinstar i tillegg til vanlege årsmøtesaker!

Kjøp adventskalender og stø opp om ei god sak! 😊 Gje attendemelding her eller til ein av oss i styret dersom du ynskjer ...
26/10/2025

Kjøp adventskalender og stø opp om ei god sak! 😊 Gje attendemelding her eller til ein av oss i styret dersom du ynskjer å kjøpe.

01/09/2025

– Ein kan samanlikna sidemål med idrett: Alle idrettsutøvarar driv med variert grunntrening og øver ikkje utelukkande på dei oppgåvene dei skal gjennomføra i sjølve tevlinga i den gitte idretten. I det perspektivet kan ein sjå på sidemålsopplæring som ei form for språkleg grunntrening.

Adresse

Seljord

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Seljord Mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del