29/04/2026
Det er kome forslag om å samlokalisere vaksenopplæringa på Nordfjordeid. Då lurer vi på - er det meininga at Stad Kommune skal busetje flyktningar i HEILE kommunen?
Eller er vi i ferd med å fase ut busetjing i ytre delar – utan å seie det høgt?
* Anna er busett på Stadlandet og har tidlegare jobba som journalist i Ukraina. TAKK for at du ville dele dine tankar om korleis det var å kome som flyktning til Norge, og kvifor den gode vaksenopplæringa vart så viktig deg og for mange andre *
Når opplæringstilbod forsvinn, flyttar folk etter. Dette kan føre til at ytre delar av kommunen mistar tilflyttarar og arbeidskraft. I små lokalsamfunn har kvar innbyggjar stor betydning. Dei som flyttar til, bidreg med arbeidskraft, kompetanse, familiedanning og sosialt liv i bygdene. Dette er ikkje berre tal i ein statistikk – det er menneske som er avgjerande for levande lokalsamfunn.
Bygdene i ytre set stor pris på dei som har kome til kommunen og har blitt ein del av kvardagen vår. Spørsmålet er om vi legg til rette for at dei kan bli verande – og om vi ønskjer å ta imot fleire.
Anna Kravchenko frå Ukraina meiner flytting av vaksenopplæringa vil gjere det vanskelegare for folk å lære seg norsk og fungere i sin nye kvardag.