Sandsøy Hornmusikk

  • Home
  • Sandsøy Hornmusikk

Sandsøy Hornmusikk Sida for oss som er glade i korpsmusikk på Sandsøy og Voksa. Her vil det bli lagt inn nyhende og aktivitetar som vedkjem Sandsøy Hornmusikk.

Sandsøy Hornmusikk vart stifta i 1959, og sidan den gongen har det stort sett vore ein form for aktivitet. Nokre perioder har det vore så mange musikantar at det har vore ein draum. Det har endåtil vore så mange at scena på Dollstun måtte påbyggast for at alle skulle få plass. No dei seinare åra har interessa blant folk flest dabba noko av, eller mange har blitt fanga i den såkalla tidsklemma, sli

k at aktiviteten til laget har vore lita, og nokre år meir eller mindre fråverande. Pr i dag er det om lag 7 medlemmer, som slett ikkje alltid er der på same tid, men vi klarer stort sett å sy det i hop på ein eller annan måte. Besetninga er som følgjer; 2 kornettar, 2 altar, 2 euphonium og ein bass. Vidare så er der ein seniormedlem som etter om lag 30 års fråver har bestemt seg for å prøve seg som musikant igjen. Slikt likar vi godt!! Vi håpar at vi skal kunne profilere oss slik at fleire "gamle" har lyst til å kome å vere ilag med oss igjen. Vi har det fole kjekt!! :-)

01/08/2025

Idag er det 5 år sidan vi la ut vår første musikkvideo på den store verdsveven! Det var eit kjempekjekt prosjekt for eit bittelite amatørkorps som oss! ❤️ Vi held stadig koken, 💪💪, koser oss og leitar i gamle og nye notar, og kanskje vi plutselig finne på eit nytt sprell? Kven veit, vi ekje å tru - nokre av oss verre enn andre, sjølvsagt... 😂😂😎😎❤️❤️

Nokre opplevingar gir oss ekstra varme i hjertet og ein god latter forlenga virkelig livet!Ei normal mandagsøving vart o...
08/04/2025

Nokre opplevingar gir oss ekstra varme i hjertet og ein god latter forlenga virkelig livet!

Ei normal mandagsøving vart oppi eit lite eventyr :-)
Vi vart berre 5 igår, då sjettemann lagst ned med sykje dessverre :-(
Likevel, etter song nr 2 så vart vi oppmerksomme på tre småtroll som kika på oss gjennom vindauget.
Vår spelande dirigent opna døra for dei og spurte om dei hadde lyst å kome inn, og etter song nr 3 kom dei luskande inn døra og sette seg fint ned på bakerste benk, med folda hender, som naturleg var på sjølvaste Fiskarheimen 😂

Etter song nr 4 kom applausen, etter song nr 5 når vi prøvde oss på 17 mai program kom dei stiltrande heilt fram der vi sat, og ville sjå nærare både på oss og notane sikkert :-) Vår spelande dirigent fekk spørsmål om kvifor han hadde så mykje hår på armane men ingen bart ? 😂😂😂

Etter song nr 6 kom der ei mor og tok dei med seg på nye eventyr 🥰

Artig oppleving, god latter og glede i hjerte og sjel over å sjå stjernene som glitra i fanteaugene på desse små 😍

Enn om, kanskje greier vi å rekruttere noken av dei, eller andre som syns det kan vere kjekt med noke anna å styre med i kvardagen enn stress? Det er alltid håp i hengande snøre, og alle er hjertelig velkomne uansett

ETTERLYSNING!uniformsjakker i ulike storleikar, hatt og noteveske. Sjå vedlagt bilete. Har DU 🫵 liggende noke på ditt "l...
30/03/2025

ETTERLYSNING!
uniformsjakker i ulike storleikar, hatt og noteveske. Sjå vedlagt bilete. Har DU 🫵 liggende noke på ditt "lager"? Så ynskjer vi at desse vert leverte tilbake til oss, då vi ynskjer å få oversikt over eigedelane våre!
Send ei melding her, eller ta kontakt med nokon i styret.

27/03/2025

Årsmøtet for 2024 vart avhalde tysdag 25. mars kl. 18.30 på Fiskarheimen.

Innkallinga vart godkjend.
Årsmeldinga godkjend
Rekneskapet vart godkjend.
Når det gjeld val, tok to av representantane attval, medan sitjande sekretær Trine-Lise takka for seg i denne omgang.
Vi er svært takksame for godt utført arbeid, og ønskjer henne velkomen tilbake i altrekka når det høver. 🥰

Nytt styre, med konstituering:
Leiar: Kjerstin Sande (på val i 2026) valt som leiar for eitt år
Nestleiar: Atle Rusten (på val i 2027)
Kasserar: Brit Synnøve Våge(på val i 2026)
Sekretær: Anna Kirsti Skare (på val i 2026)
Styremedlem: Laila Voksøy Bringsvor (på val i 2027)
Vara til styret: Dagny Skare (på val i 2027)
Revisor: Laila Bringsvor (på val i 2026)

Om nokon har spørsmål eller framlegg til styret, så ta gjerne kontakt med oss 🥰

05/03/2025
25/12/2024

Julehelsing frå oss 🎄🎼🎺 Minner om nyttårskonsert fredag 03.01.25 i Sande kyrkje 😊 god jul og godt nytt år ❤️

Det er den tida på året, der det er litt mørkt og kaldt ute. Mange har travle dagar, og veret er heller ikkje det aller ...
02/12/2024

Det er den tida på året, der det er litt mørkt og kaldt ute. Mange har travle dagar, og veret er heller ikkje det aller beste. Då er det jammen meg godt at vi kan møtast i den finaste kyrkja, og kose oss ilag med naboar og venner, både dei vi kjenner godt og dei vi kjenner litt, og ynskje kvarandre ei god og fredfull julehøgtid. ❤️✨🎄 Velkomne 🥰

Address


6089

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Sandsøy Hornmusikk posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

  • Want your organization to be the top-listed Non Profit Organization?

Share