20/09/2026
Det har vore litt stilt her på Gimlesida i det siste, men det har likevel skjedd ein heil del det siste halvåret.
I vår vaska vi huset utvendig, sette opp stillas, skrapa, grunna og malte tre av veggane.
Vi malte også mur og glas.
Huset vart rydda og vaska ned innvendig og vi har hengt opp lerret, projektor og lydanlegg.
Vi har også fått laga to nye bordflakar, lagt nytt toppbord på rekkverk ute, fiksa sceneteppet og fått donert ein barnestol.
I sommar har huset vore utleigd til m.a konfirmasjon, dåp, heile seks bryllaup og
17. mai feiring!
Bygdehuset er mykje brukt og det er vi svært glade for!
Tusen takk til alle som stilte opp på dugnad med tid, god bakst, arbeidslyst og godt humør!
Takk til Farheriket Sandane for samarbeid og god service!