15/04/2026
Bli med å pynt opp i bygda til fine vårdagar ☀️
Kommentér gjerne kvar du plukkar søppel.
Ei viktig presisering: Sel Grendalag organiserer ikkje søppelplukking langs fylkesveg og tek ikkje på seg ansvar for slik aktivitet.
Søppelplukking langs fylkesveg blir rekna som arbeid på/ved veg og er ivareteke gjennom kontraktsforpliktingar hos veigeigar sin entreprenør. Slik aktivitet er underlagt krav til planlegging, risikovurdering, arbeidsvarsling og nødvendige tryggingstiltak. Er det spørsmål om forhold ved fylkesveg, som til dømes søppel, skal Vegtrafikksentralen kontaktast på telefon 175.
Eventuell søppelplukking langs fylkesveg som blir utført av privatpersonar, skjer på eige ansvar og må berre gå føre seg der dette kan skje på ein forsvarleg måte ut frå trafikk- og tryggleiksforhold.