24/11/2024
SMØR PÅ FIRE HJUL. Norenberg margarinfabrikk lå i Lørenveien. Mange hasleboere har kanskje minner om fabrikken, som sto ferdig på trettitallet, tegnet av arkitekt Esben Poulssen - og ikke minst om Smørbilen og Smørmannen. Bilen leverte Noco margarin på døra til folk både fjernt og nært. Tine Meierier deler denne artikkelen skrevet av Gunstein Seltveit med sine over 5.000 ansatte. Værsågod: Dette er historien om smør på hjul.
------------------------------------------------------------------------
Smørbilen og Smørmannen
Arve Heddeslid er ein utflytta skafsing født i 1959. Han ringte og spurde meg om eg kjente til Smørbilen. Eg er ein god del eldre enn han, men det ringte ingen klokker hos meg. Det syntest Arve var merkeleg, for han kunne hugse som liten gut på 1960 talet at Smørbilen kom heim til dei med margarin med visse mellomrom. Eg tenkte at han kunne ikkje hugse heilt feil, men årsaken til at eg ikkje hadde fått med meg kjennskap til Smørbilen, måtte vere at eg flytta heimanfrå alt i 1963 for å gå på skule. Arve hadde kontakta fleire på min alder som heller ikkje hugsa nokon smørbil. Eg måtte seie meg lei for at eg ikkje kunne hjelpe Arve, og gløymde heile samtala. Etter ei kort tid ringte Arve meg igjen. Han hadde snakka med Birger Rinden på Åmdals Verk. Han hugsa godt Smørbilen. Då samla folk seg ved posthuset på Verket for å ta i mot Smørmannen. Der var det alltid godt frammøte.
Stein Inge Rinden, Åmdals Verk, kjem også i hug at Smørbilen hadde med seg prøvepakker. Kirsten Falck, også Åmdals Verk, fortel at Smørmannen kom på døra og leverte margarin. På den tida var det 3 forretningar på Åmdals Verk: «Olemann» Byggstøyl, Tarjei Åmdal og Samvirkelaget. Likevel var det god avsetnad for Smørmannen på Åmdals Verk. Han som var sjåfør ein periode heitte Einar Sanden og var frå Vrådal.
Nå vart eg nysgjerrig på å vite meir om denne bilen som køyrde rundt med margarin i bygdene.
Fyrst nokre fakta om smør og margarin. Smør var for nokre hundre år sidan det viktigaste betalingsmiddelet. Heilt fram til 1900 talet vart det nytta som betalingsmiddel. Som dei fleste veit er det forskjell på smør og margarin. Smør er eit meieriprodukt som inneheld minst 80 % mjølkefeitt, medan margarin er ei fast, formbar blanding av vegetabilsk feitt og vatn. Margarin kjem i mange variantar med ulikt feittinnhald, og inneheld som regel mindre feitt enn smør. Den fyrste margarinen vi kjenner til blei laga i Frankrike i 1869 då Napoleon den 3 utlyste ein tevling om nokon kunne lage ei smørerstatning i ei vanskeleg tid for vanlege folk. Den fyrste norskproduserte margarinen vart produsert av Aug. Pellerin Fils & Co i Kristiania i 1876 der brørne Eilert, Lauritz og Oluf Sundt saman med franskmannen Pellerin var eigarar.
Mange vil nok nikke attkjennande til ulike namn på margarin frå ulike fabrikkar: Arne og Marianne, Per og Kari, Sol, Lotus, Stella, Krone, Varde, Hauk, Melange og Mustad for å nemne nokre.
I 1880 åra vart det etablert ei rekke margarinfabrikkar her i landet, og det var ei stor tevling blant desse om marknaden.
I denne artikkelen vil ordet «smør» og margarin» bli nemnt om kvarandre, men det er heile tida margarin som er produktet. Det er eigentleg litt misvisande når vi snakkar om «Smørmannen» og «Smørbilen».
Så attende til Smørmannen. Einar Sanden fekk smøret frå Norenberg Margarinfabrikk i Oslo. Den låg i Lørenveien.
Eg tok kontakt med Oddvar Sanden, son til Einar. Då fekk eg stadfesta at, ja, det var far hans som i andre halvdel av 1960 talet hadde jobb som sjåfør på Smørbilen. Oddvar var ikkje store karen då han stundom vart med faren på kjøreturane. Det var faste ruter, og Oddvar hugsar dei var i Treungen, Skafså, Vinje, Rauland, Grungedal og Edland for å nemne nokre stader. Det hendte at dei måtte overnatte på turane. Dotter til Einar, Aslaug Berit Sanden, meiner faren overnatta i Edland rett som det var. Einar kjørte rundt i ein blå-grå Volvo Duett. Margarinen vart kjørt til eit lager i Kviteseid, og der vart margarinen henta. Det var ikkje kjøle i Smørbilen, så det hendte på varme dagar at Einar måtte stoppe ved bekkar og elver for å væte ullpledd i kaldt vatn og ha det over kartongane med margarin.
Enka etter Einar, Anne Sanden, kunne stadfeste at det var Norenberg Margarinfabrikk dei fekk smøret frå. Ho er nå 90 år, og hugsar ikkje korleis mannen enda opp med å kjøre Smørbilen. Men sidan han hadde vore handelsbetjent nokre stader, blant anna i Stoi i Vråliosen, likte han å jobbe der han kunne møte folk. Ho meiner å hugse at Einar syntest det var kjekt, men til tider utfordrande når ver og føre ikkje var det beste. Å kjøre rundt med margarin var ein attåtjobb. Men sidan dei også dreiv med høns, kunne dei kombinere utkjøring av margarin med eggebrett. Anne hugsar at dei stundom fekk besøk av ein kjekk kar frå Norenberg fabrikken. Ho hugsar etternamnet var Gundersen, ein stor og røsleg kar. Det var alltid hyggeleg å ha han i huset. Men på 1960 talet hadde dei ikkje fått ordna med klosett, så utedoen var enda i bruk. Oddvar fortel at far hans lurte ein gong på om det hadde hendt Gundersen noko sidan det tok så lang tid før han kom att frå utedoen. Men Gundersen syntest det var fantastisk flott å sitje på toseteren og skode utover Vråvatn! Truleg var det best på sommarstid!
Oddvar kunne fortelje at då han seinare fortalde at han var son til Einar Sanden, fekk han høyre frå fleire at faren hadde vore ein populær mann då han køyrde rundt med margarin. Rett som det var hadde han med seg rakfisk og anna då han kom heim etter reisene.
Smørbilen stoppa ved dei kundane som hadde tinga smør, og det var slik Arve hugsa Smørbilen. Den stoppa hos dei, og mor til Arve, Gudrun, fekk det smøret ho hadde tinga.
Eg fekk vite av Oddvar Sanden at Bjørg Åse Hauglid frå Kviteseid hadde også kjørt Smørbilen. Kirsten Falck hugsa at både Einar Sanden og Bjørg Åse Hauglid kom med margarin heim til dei på Sandlandsmoen. Eg kontakta Bjørg Åse, og sjølv om ho nett då var om bord på Hurtigruta, fekk eg ein del nyttig informasjon. Ho fortalde at ho kjørte rundt med alle typer margarin, usalta, lettsalta og salta. Tilmed spesialmargarin til jol kunne ho skaffe. Då ho søkte om å bli sjåfør på Smørbilen, var leiinga svært skeptisk sidan ho var kvinne. Men ho fekk jobben, og var den einaste kvinna som kjørte Smørbilen. Sjølv fortel ho at ho var ei typisk «gutejente» som likte alt med bilar og kjøretøy. Denne jobben kunne ho godt tenkje seg. Ho heldt på i ca. 2,5 år, og det var ein skikkeleg tøff jobb, seier Bjørg Åse. Du måtte ut i all slags ver. Særleg vinterstid kunne det vere så ille at ho måtte kjøre etter brøytebilen. Kjettingar måtte ho sette på rett som det var. Ho vart løna etter provisjon, det vil seie ho fekk løn etter kor mykje ho selde. På den tida vil ho hevde at ho hadde god løn. Ho køyrde rundt til mange utkantar i dei ulike kommunane. Ein gong ho var på veg til Froland i Tokke, måtte ho stoppe før ho kom fram for å legge på kjetting, for det var håle isen, og det var ikkje piggdekk den gongen. Nett då kom Gundersen, inspektøren frå Norenberg Margarinfabrikk. Han tok ofte inspeksjonsturar til dei ulike distrikta. Han vart overraska då han såg Bjørg Åse legge på kjetting, og utbraut: «Å, ja, står du her og legger på kjettinger selv?» Han var tydelegvis ikkje van med at damer kunne klare det. Då ho vart intervjua av Gundersen for å få jobben, måtte ho også skrive under på at kjærasten hennes måtte hjelpe med kjøringa når ho hadde dei månadlege plagene. Bjørg Åse tykte det var merkeleg å skrive under på noko slikt. Kvinnediskriminerande, syntest ho.
«»Smørmannen» Bjørg Åse på «smørbilen».
Kundane var svært takksame, og Bjørg Åse måtte takke nei til mange invitasjonar om å kome innom for å ta ein kopp kaffi. Særleg på Felle stod folk klare med kaffi alle stader, og ho takka av og til ja. På Felle fekk ho stundom høyre: «Der kjem smørjenta», eller «der kjem den smørblide jenta». Ho sa at ho nok hadde vore innom dei fleste avkrokane i Tokke kommune. Det var faste kundar, men det hendte at folk elles også kjøpte når ho var forbi. Folk kunne kjøpe margarin i laus vekt, men til dømes kafear og hotell kjøpte 12 kilos kartongar. Ruta hennes tok ei veke, og deretter var det 14 dagar til neste gong. På spørsmål om det verkeleg var behov for ein smørbil når forretningane også hadde margarin, trur Bjørg Åse at der var det bare Per margarin å få, og dessutan fekk folk margarin til døra med Smørbilen. Norenberg var ein svært god og grei arbeidsgjevar. Ho og kjærasten fekk tilmed lov til å bruke Volvoen på ferie når den ikkje var i bruk. Volvoen var blå med kvitt tak, og hadde ingen logo påklistra. Bjørg Åse kunne også fortelje at Gundersen var den som skaffa kundar, og han kom ganske ofte på inspeksjon, gjerne ein gong i månaden.
Gullbjørg Haugholmen i Austheii hugsar godt Smørbilen som kom på jamlege besøk. Ho ser han for seg der han stod i kjøkkendøra med ein stor kartong som nok kunne vege 10 kg. Smørmannen var alltid blid og koseleg å rø med. Det ho ikkje heilt kan skjøne i dag var at det var behov for ein smørbil når ein kunne få kjøpt margarin på buene.
Eg prøvde å få meir informasjon om Norenberg Margarinfabrikk frå ymse hald, og fekk omsider eit svar frå Oslo Museum som kunne informere om at fabrikken vart etablert i 1932. Margarinen som vart produsert heitte Noco.
I boka «Margarinindustrien i Norge» går det fram at dei dreiv med heimsal, og at produksjonskvoten blei seld til Agra og Mustad i 1972. Då må ein anta at det vart slutt på «Smørmannen».
Eg har kontakta fleire som er født før 1960 for å høyre om dei hugsar Smørbilen eller Smørmannen. Dei fleste svara negativt. Nokre har eit vagt minne om at det var noko kjent med Smørbilen. Då eg kontakta Talleiv og Liv Jorunn Utistog i Byrte, fekk eg «napp». Talleiv hugsa at denne Smørbilen» ofte kom når dei hadde det som travlast i slåtten, og at margarinen var noko mjuk. Han hugsa tilmed at namnet var Noco. Liv Jorunn, som på 1960 talet budde i Drangedal, kom godt i hug den blide Smørmannen. Han kom innom kvar 14. dag, og mora kjøpte ca. 1 kg. kvar gong. Då Smørmannen kom, ropa ungane: «Nå skal vi ha «noko» margarin». Smørmannen hadde ofte god tid, så Liv Jorunn hugsar ho synte han dokkene sine, noko han sette pris på.
Då eg kontakta Bjørg Åse Hauglid igjen, sa ho at det var andre som også hadde kjørt Smørbilen på 1960 talet. Ho visste at faren til ho som er drivar av Evelyn’s Magasin i Seljord, Tor Moen, også hadde hatt jobben med å kjøre margarin for Norenberg. Han var død, men syskenbarnet hans, Åge Moen, busett i Flatdal, kunne gje meg fleire opplysningar. Han vart kontakta, og han hugsa at Tor Moen køyrde rundt i heile vest- fylket rundt 1963-64. Rui Fjellstove i Haukelid vart ein stad Tor ofte stakk innom, kanskje også for å overnatte, for til tider kunne det vere ver hardt. Rui Fjellstoge låg ved Tallaksbrukrysset, og er nedlagt for lengst. Den blei i si tid drive av Halvor og Åsne Rui. Åge er litt over gjennomsnittet interessert i eldre bilar, og hugsar Gundersen, inspektøren frå Norenberg Margarinfabrikk, kjørte rundt i ein Opel Record Coupe A 1963 modell.
Eg undra meg på om «smørmannen» var eit vanleg syn elles i landet. Det var ikkje lett å få nokon oversikt. Då eg googla «smørmannen», fann eg at han var nemnt i Vennesla Historielag sitt årsskrift for 2001. Der står det at ein Sandve leverte margarin for Norenberg margarinfabrikk i Oslo. Eg snakka med sonen hans, og han kunne fortelje at han var med faren på mange av turane. Det var stort sett husstandar han leverte til, og mange gonger vart dei invitert til ein kopp kaffi med noko attåt. Faren hadde rute mellom Grimstad og Mandal. Turen til Evje kvar fjortande dag var ofte litt spesiell. Faren hadde då med seg ein kamerat. Dei hadde med seg hagla. Når dei såg ein tiur eller orrfugl som stod og hakka stein i vegen, vart det storfugl til middag nokre dagar etterpå.
Det hendte ofte at folk spurde om dei kunne få ei tom kasse eller to med logoen til Norenberg. Praktiske kasser. Denne tok 36 kg. Elles var det kartongar med pakker på 6kg og 12 kg, der Norenberg etter kvart gjekk over til ½ kg i pakka.
Varmen kunne vere eit stort problem sommarstid. Det hendte faren måtte få tak i isblokker som han oppbevarte saman med margarinen i garasjen om natta. Bil måtte han halde sjølv, og det var ein Studebaker, stor og tung. Den spelte ikkje alltid på lag når snoen la seg på vegane.
Eg fann på nettet at andre margarinfabrikkar også dreiv på same måten. Dag-Ny margarinfabrikk leverte også fersk margarin på dørene til folk. Fabrikken hadde ca. 30000 abonnentar på det meste. Kor mange Norenberg margarinfabrikk hadde rundt om i landet, har eg ikkje kunna framskaffe.
Eg kontakta Telemark Museum, Kavli og Q-meierienes forbrukerservice, Norsk lokalhistorisk institutt, ulike historielag i Oslo, Oslo Museum, Telemark og Vestfold fylkeskommune, Telemark Historielag og Tine Kundesenter. Felles for dei alle var at dei hadde liten eller inga kjennskap til Smørbilen. Hos Tine var det eit stort ynskje blant dei smørinteresserte om å få tilsendt artikkelen.
Eg fekk kontakt med John Tore Norenberg i Oslo. Broren til hans bestefar var sjef for Norenberg Margarinfabrikk i mange år. John Tore hadde sjølv arbeidd på Norenberg Margarinfabrikk, og hadde mykje interessant å fortelje om oppstarten av fabrikken og fram til då fabrikken gjekk inn i AS Forma (Forenede Margarinfabrikker). Eg fekk vite at Norenberg var ein av få margarinfabrikkar som begynte med «omførselssalg». Det vil seie at fabrikken hadde seljarar som gjekk rundt på dørene til folk og spurde om dei ville lage kontraktar for kjøp av fersk margarin. På 1960 talet var det stort sett husmødre som var kundar. Kontrakten innebar at margarinen skulle vere fersk, og skulle leverast til faste tider. John Tore fortalde at dei fleste bilane som vart nytta av «Smørmannen» var Volvo Duett stasjonsvogn eller varevogn. Det var solide bilar som hadde ei lasteemne på 500 kg. Noco margarinen hadde ikkje noko bildelogo som svært mange av dei andre margarinsortane hadde. Men «Smørmannen» hadde trekkpapir med bilde av fabrikken. Desse delte han ut til kundar og potensielle kundar. På spørsmål frå meg om Norenberg leverte over store delar av Sør Noreg, svara John Tore ja til det. I Langesund var det ein som heitte Engvoldsen som leverte i Skien, Porsgrunn og Bamle, hugsar han.
I Sverige var den norske margarinen så populær at svenskar kom over grensa til Noreg for å kjøpe den norske margarinen.
Som ein kuriositet fortalde John Tore om ein episode då han som 15 åring skulle vere med ein reservesjåfør på ei rute i Oslo. Då dei kom til eit hus, sa sjåføren: «I det huset der borte kan du levere margarinen. Jeg vil helst slippe». «Hvorfor det?» spurde John Tore. «Det får du se når du banker på», var svaret han fikk.
Guten banka på, og då døra opna seg, stod det ei svært lettkledd dame i undertøyet i døropninga. Ho hadde nok heilt klart forventa at det var ein annan som leverte margarinen!
Eitt av treffa eg fekk på Google då eg søkte på «smørmannen», var Bjørn Bergene i Kvelde i Vestfold. Han har skrive ein del lokalhistoriske bøker, og han kunne hugse «smørbilen» som også var ein Volvo Duett. Den kom kvar fjortande dag, og Bergene hugsar særleg at margarinen hadde ei sterk gulfarge. Han hugsar også at bestefaren hans reagerte på at smøret var svært salt. Smørmannen vart ofte invitert inn til middag hos foreldra til Bergene. Smørmannen var ein ryddig og grei kar. Det hendte rett som det var at folk kunne få kjøpt margarin og betale seinare.
Sjølv om Smørbilen ikkje går så langt attende i tid, er det fort at denne ordninga som gjekk føre seg på 1960 talet går i gløymeboka.
Etter å ha fått ein del informasjon frå ulike hald, kan ein godt seie at eg er «smørblid». Nokre vil kanskje hevde at denne artikkelen er «smør på flesk». Atter andre vil bruke uttrykket: «Jommen sa eg smør».
Gunstein Seltveit