Bjørn West Idrettslag

Bjørn West Idrettslag Bjørn West Idrettslag vart stifta i 1961. Laget er lokalisert i indre Masfjorden.

Me driv med langrenn, slalåm, friidrett, symjing, fjelltrim, driv treningsrom, har trening og aktivitetar for små og store.

15/06/2026

SOMMAREN ER HER!
MINNAR OM FJELLTRIMMEN 2026!

POENGSANKING FRAM TIL OG MED 1. NOVEMBER

1.premie 500 kr gåvekort
2.premie 300 kr gåvekort
3.premie 200 kr gåvekort
i kvar klasse (gutar, jenter, kvinner og menn)

Alle kan væra med, men premiering berre for medlemmer
av idrettslaget.

EKSTRA PREMIE
til born med over 30 poeng, og vaksne over 90 poeng
Det vert også trekt ut gåvekort på kr 1000,- blant dei som klarer kravet….

• Stallane
• Litlefjellet
• Hestefjellet-Matre
• Storematrestølen
• Gleinefjellet
• Matrenipa
• Nova Haugsvær
• Fjellet Haugsvær
• Nonkletten
• Kvalsbergnåva
• Heinakkjen
• Kalhovdastølen
• Merkeshogen
• Geitenakkjen
• Åsen
• Gråsida
• Kjerringfjellet
• Hyttemarka
• Hopsdalen
• Stordalsvarden
• Nåva(Trodalen)
• Ådneburen
• Rindhamrane
• Kjølneset
• Botnestigtjørna
• Svadfjellet
• Kjærrlihågjen
• Høgefjellet
• Dalesætra
• Midtvatnet i Nysæterdalen
• Eggjena
• Skarpefjellsnakken



Ein må bruka appen GEOREG for å delta. GEOREG er eit elektronisk system for registrering av posten. Søk appen opp i Play Store eller Apple Store og installer den på vanlig måte (PRO-versjonen er gratis i ein mnd, deretter kostar den 10 kr pr mnd, LITE-versjonen er gratis) og registrer deg på www.georeg.no som vanleg brukar, og så er du i gang!

Fjelltrimmen 2026 I.L.Bjørn West
Post Poeng Stad(mål) Løypeskildring (oppgitte tider er ein veg)

2. Stallane,
Eikemo Kjør mot Duesund til du kjem til Eikemo. Parkèr ved andre nedkjørsel til Eikemo. Sjå etter skilt der stien startar. Følg raude merker. Postreg er ved uthus. Tid ca. 30 min. 330 m.o.h.

3. Litlefjellet,
Matre Start på Stien ved bommen til Øvredalen. Følg vegen innover til dalen vier seg ut. Sjå etter skilt på venstre side. Følg stien til du er framme. Tid ca. 40 min. 357 m.o.h.

4. Hestefjellet,
Matre Start ved grind bak Einekavane. Stien endar på Storseten. Bak steinmuren, frå nordre hjørne på Storsæten. Følg stien oppover til det flatar ut og hald til venstre mot toppen. Tid ca. 20 min. 170 m.o.h.
Alternativt kan ein starta på parkeringsplassen på Eineleite og følga merka sti.

5. Storematrestølen,
Matresdalen Start ved brua/bommen innom Matresvatnet (Holmane). Følg skogsvegen til endes, der du finn stien. Følg stien på høgre sida av elva, kryss elva på steinbrua. Hold langs venstre side på Krokstadvatn og opp forbi naustet. Følg elva til stølen. Posten står ved skiltet i stien. 555 m.o.h. Tid ca. 1,5 timer.

6. Gleinefjellet,
Matre Køyr til brua ved Gagnløysevatnet. Ta opp til venstre over brua, til endes av grusvegen. Gå opp til venstre. Følg elva innover til du treff jernstengene, som viser vegen til toppen. Posten heng på hytteveggen. 792 m.o.h. Tid ca. 1 time

7. Matrenipa
Parker på grusplassen ovanfor Trodalstunellen. Følg stien langs bekkefar. Når du kjem over tregrensa ser du ein varde. Hald til høgre for den, vidare mot Matresnipa. Følg vidare merking til posten, som ligg rett før varden der du har utsikt ned til Matre. 587 m.o.h. Tid ca. 1,5 time.

8.Nova-Fjellvegen
Haugsvær Parkering ved gamle skulehuset. Gå undergangen og opp til skogsveg rett ved busskuret. Følg traktorvegen til stien byrjar. Posten heng i den store rauna på oppsida av stien. Tid ca. 40 min. 330 m.o.h.

9. Fjellet, (Hestefjellet)
Haugsvær Parkering ved gamle skulehuset. Følg beskrivelsen til Nova og fortsett på stien vidare. Følg stien til det flatar ut. Ta så opp til venstre til varden på toppen. Tid ca. 1,5 time. 774 m.o.h.
9 5 Nonkletten
Haugsvær
Parkering ved Haugsværtunet. Gå over elva og vidare på skogsvegen til høgre retning Grimhaugane (Solheim). Ta av til venstre oppover der linja kryssar skogsvegen. Følg stien til du kjem over tregrensa. Gå langs høgre sida på elva, kryss elva ved utløpet og følg venstre sida av vatnet. Post på toppen, 612 moh. Ca 1,5 t.

10. Kvalsbergsnåva Parkering ved Haugsværtunet. Følg beskrivelsen til Nonkletten. Gå vidare frå Nonklettvarden retning Solheim. Varden er eit stykke nedanfor toppen, med utsikt mot Solheim. 1 time og 45 min (ca. 15min frå Nonkletten). 590 m.o.h.

11. Heinakken,
Solheim Start ved Midtkviltjødna. Frå transformator går du opp til venstre – Følg stien langs raude løypemerkingar. 404 m.o.h. Tid ca 45 min.

12.Kalhovdastølen
Kalhovda
Solheim I krysset på Kalhovda tek ein til venstre mot Legena. Etter passert bru tek ein til venstre på skogsveg. Parkèr der skogsvegen deler seg neste gong. Ta opp til høgre, skogsvegen går ca 1 km opp, deretter følgjer du merka sti opp til stølen. Posten ligg i dei gamle murane. 438 m.o.h. Tid ca 45 min.

13.Merkeshogen
stien Kjetland-Haukeland Stien starter etter ein har kryssa brua nedom kraftverket. Følg merka sti ca 1,6 km oppover langs Haugsdalselva. Posten ligg ovanfor sjølve stien ved masta på Merkeshogen. I staden for å gå tilbake til Kjetland kane ein fortsetja vidare til Haukeland. 160 moh. Tid ca 35 min.

14.Geitenakken
Stordalen Køyr forbi Stordalen retning Bjordal til du kjem til Nystølen (høgste punktet mellom Krokevatn og Fridalsvatn). Følg merka sti frå hytta, langs Fridalsvatn til Spongavatn, der du tek stien til venstre og følgjer den til toppen. 987 m.o.h. Tid ca. 1,5 t.

15. Åsen
Haugsvær Parker ved skulehuset, gå undergangen og ta til venstre i skogsvegen og følg den til granskogen og gå nedom den. Stien er merka vidare til Åsen Tid 15 min

16.Gråsida - Matre
Start ved bommen på Stien. Følg vegen opp Øvredalen til du er 200 m frå steintippen heilt inne. Ta opp til venstre ved utkjørsel, merking til du kjem til stien. Når du kjem opp i Gråsibotn, går du same retning som kraftlinja, men gå opp skaret lengst i sør, til høgre for masta i ”himmelsynet”. Når du ser Kvernhus-vatnet snur du mot nord og går til høgaste varden lengst inne. Utsikt mot Kringlebotn og Matresdalen. Alternativt kan ein gå frå Litlematrestølen. 855 m.o.h. Tid ca 3 t.

17. Kjerringfjellet,
Furebotn Parker ved utløpet til Midtkviltjødna. Følg ny veg mot aust. Tid ca 40 min 387 moh. Kan også gåast frå Solheim og Furebotn..

18.Hyttemarka Fossen Start ved park.plass på Fossen. Følg stien vestover et par km og drei av nordover når stien flater ut. Post festa til sætervegg. 455 m.o.h. Tid ca 30 min.

19.Røyrfiten-Hopsdalen Parkering ved utkjørselen før brua inne på Hope. Følg stien innover dalen, posten heng ved stien i granskogen rett før Rørfitleitet. Tid 40 min

20. Stordalsvarden Kjør til Stordalen, ta til venstre mot Sogn og ta til venstre frå fylkesvegen inn på grusvegen. Parkering i vegdelet etter ca 1 km. Gå mot Langevatn, ta til høgre og fortset over tunnelutløp. Følg ryggen mot venstre til toppen. 781 moh 1 t.

21. Nåva(Trodalen) Start på Trodalsleitet på vestsida av E39. Følg stien frå Tele-huset og hald skrått opp mot venstre. Post i varde på Nova.

22.Ådneburen Det er fleire startmoglegheitar, då denne posten er meint som ein «poengsankingspost» der ein får 2 poeng ekstra for å gå opp på toppen. Det er høgaste punktet mellom Hopstølen og Nordgilsbotnen, og ein kan gå frå bl.a. Fossen, Hopstølen, Haugsvær og Kvernhusdalen. Anbefaler å ta med kart!! Tid ca. 4 t. 724 moh

23. Rindhamrane
Solheim Parkèr ved kyrkja, gå oppover og gjennom steingarden. Ta ut til venstre og følg merking. Ca 15 min. Kan følga stien vidare opp til Heinakkjen.

24.Kjølneset
Haugsdalen Kjør over brua som kryssar Haugsdalselva og parkèr på gamlekaien. Følg vegen langs fjorden mot Kjølneset.Når ein kjem til gjerdet, ta opp til venstre på høgre sida av gjerdet, følg opp langs ryggen mot Lysebugen. Post i tre, utsikt mot Solheim. Ca 20 min

25.Svadfjellet Følg merka Turlagsti frå Stordalen(Hellebotn) til Kringla. Ta av stien ved Vågsetstølen og følg Holmevatnet på sørsida over dammen og gå mot nord mot toppen. 877 moh

26. Kjærrlihågjen
Litle-Matre Parkèr i sandtaket og følg skogvegen til Sæten(Bjørnebærskogen) og ut i nåva. Følg stien til du er under linja og gå opp under linja og vidare forbi masta og følg ryggen til posten. 15 min 125 moh

27.Botnestigtjørna
Haukelandsdal Parkèr på Haukelandsdalen ved innkjørsel til RødeKors-hytta.Gå langs E39 til høgspentmasta og gå opp lia i sør-sørvestleg retning Høgefjellet. Post under helleren ved Botnestigtjørna. 590 moh tid 30 min

28.Høgefjellet
Haukelandsdale Fortset frå Botnestigtjørna oppover Høgefjellsdalen mot søraust. Gå til varden i himmelsynet(når det flater ut).Ta opp bratte lia til høgre(vest). Posten ligg på ein liten fjellrygg etter første tjønna, stein på 1 m
som står på høgkant. 755 moh. Bruk kart!

29. Dalesætra Start ved Kjetlandsbrua. Gå forbi husa og ta grusvegen til høgre og følg dalen og grusvegen til sætra.

30. Midtvatnet,
Nysæterdalen Ta av E39 oppom Masfjordtunnelen og kjør anleggvegen til dalføret Nysæterdalen. Parkering ved sauegjerdet før brua. Følg sti til det andre avtnet, Midtvatnet.

31. Eggjena Parker på anleggsvei mot Godbotn. Går opp Nysætredalen. Følg sti til 3. vatn, ta av mot sørvest ved elva. Gå på østsida av Austebotnrusti til post på Eggene, 894 m.o.h. Tid ca 3 timer.
Alternativ kortare, men brattare rute. Parker ved Olsbotn (E39). Følg dalføret opp Raunehola nordover
mot Eggene (1.5 t)..

32.Skarpefjell-snakken Følg ruta til Kalhovdastølen og fortset austover inn Kudalen. Følg dalen oppover og grei gradvis til ventre mot toppen.

BONUS : Ved besøk på ALLE postane får ein 15 poeng ekstra, pr."rundtur". Det er ein stor fordel med kart og kompass ! Og hugs båndtvang!

Info om postane,
kontakt:
Bjørn Åge 46818793,
Ivar Helge-92444211,
Beate 97503083,
Asle 90837088

Bli med, måndag 1.juni kl.17.00.
31/05/2026

Bli med, måndag 1.juni kl.17.00.

02/05/2026

Resultatliste Matre Rundt 2026:

2 klasse og yngre

Nadia Shamsdin
Mohammed Alshebli
Amelia
Even André
David Hosøy
Julia Matre
Magnus Matre
Kathrine Rambjørg Andersen
Oline Hindenes Haugsvær
Vetle Andvik Haugsdal
Ruth Andvik Haugsdal
Ludvig Andvik Haugsdal
Conrad Andvik Haugsdal
Inga Andvik Haugsdal
Andrea Kristin Matre Kvalheim
Jacob Solheim Langhelle
Håkon Solheim Langhelle
Jaran Haugsvær

3-4 klasse Gutar
Noah Storsæter Hope 1.42

3-4 klasse jenter
Mia Solheim 1.48
Vesal Alshebli 1.59

5-6 klasse gutar
Vegard Kjetland 4.18
Micael Moen Tverberg 4.20
Erik Furebotn 4.24
Bjørn Adam Olsen 5.31
Thomas Moen Tverberg 7.22

5-6 klasse jenter
Iris Aurora Matre 5.13

7-8 klasse Gutar
Thorvald Furebotn 6.39
Gabriel Hosøy 6.59
Hassan Shamsdin 8.40

7-8 klasse jenter
Jenny Storsæter Hope 8.09

9-10 klasse gutar
Nathaniel Hosøy 6.05
Fajer Alshebli 6.09
Kristian Østerbø 6.17
Viljar Matre-Grasdal 6.52

9-10 klasse jenter
Maja Storsæter Hope 6.47
Kristin Hope Aga 8.07
Emma Serine Solheim Sandvik 8.14

Menn senior
Vebjørn Haugsdal 12.20
Sindre Kvalheim 12.44
Anders Emil Matre 12.56
Morten Mjelde 13.31
Ragnvald Hosøy 18.03

Damer Senior
Silje Vågseth Kjetland 7.42
Ida Thue Voss 7.47
Anna Midtgård Matre 8.40
Åsne Nyhavn Matre Hosøy 18.03 (Lang løype)

Menn veteran
Odd Helge Vågset 7.53
Ivar Helge Matre 9.00

Sjåførklasse:
Eva Solheim
Anita Solheim
Helga Nyhavn Matre
Truls Marøy
Kathrine Storsæter
Solfrid Norland
Malene Tynning Nystrand
Trude Tynning Nystrand
Rognald Matre
Edith Matre
Kristin Andvik Haugsdal
Britt Sværen Daae
Harald Daae
Anna Haugsdal
Odd Haugsdal
Lars Rognald Midtgård Matre
Nancy Langeteig
Ruth Solheim
Jan Even Østerbø
Arnold Matre
Hildegunn Jåstad
Inge Borlaug

02/05/2026
15/03/2026

Hugs årsmøte kl.19.00 i kinosalen i kveld 🤩

14/03/2026

Hei. IL Bjørn West treng nokre spisebord stolar i den nye Idrettsbua si på Matre. Er det noko som har nokon til overs så blir me veldig glade. Teng ikkje være like, men må være heile. Ta kontakt med Veronica Hjartholm om de har nokon på lur😉

22/02/2026

Kjøre løype no i lysløypa , om nokon vil ha ein OL avslutning 😊

Oppkjørte spor i lysløypa klar for bruk🤩
21/02/2026

Oppkjørte spor i lysløypa klar for bruk🤩

Gode forhold I kveld🤩
18/02/2026

Gode forhold I kveld🤩

Resultat etter dei to fyrste renna me har gjennomført i år! Håpar det snart kjem meir snø!
06/02/2026

Resultat etter dei to fyrste renna me har gjennomført i år! Håpar det snart kjem meir snø!

Adresse

Masfjorden
5984

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bjørn West Idrettslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del