Luster Turlag

Ring Nettsted

Luster Turlag Luster Turlag har som føremål å arbeida for eit enkelt, aktivt, sikkert og naturvennleg friluftsliv.

Luster Gålag sin neste tur går til stølsområda over Gaupne torsdag 1. oktober med start frå Hafslo sentrum kl. 10.00 og ...
24/09/2026

Luster Gålag sin neste tur går til stølsområda over Gaupne torsdag 1. oktober med start frå Hafslo sentrum kl. 10.00 og Prix Gaupne kl. 10.15. Me køyrer opp i Engjadalen og til Brunestegen (starten på skiløypene om vinteren) og går ein rundtur på omlag 8 kilometer med Seljesete som mål. Det er eit fint terreng å gå i med mange stølar og flott utsyn til Asbjørnnosi og Hest. På Seljesete tek me matpausen før me vandrar attende over Jargolane. Gunn Jorunn Sviggum er godt kjend i området og vil visa veg. Passasjerar betaler sjåføren kr. 100 til dekking av drivstoff og bompengar. Turen krev ikkje påmelding og alle er velkomne!

Luster Gålag til Nuken torsdag 17. sepember i fint haustver.
17/09/2026

Luster Gålag til Nuken torsdag 17. sepember i fint haustver.

Luster Gålag til sogndalstoppen Nuken.Torsdag 17. september er du invitert til å bli med Vidar Lægreid til ein fin utsik...
11/09/2026

Luster Gålag til sogndalstoppen Nuken.
Torsdag 17. september er du invitert til å bli med Vidar Lægreid til ein fin utsiktstur over Sogndal. Nuken ligg 919 moh på austsida av Sogndalsdalen og gjev flott utsyn i alle retningar. Me går ein rundtur frå Åsen og ser ut over Halsavatnet, der det skjedde dramatiske hendingar i siste del av krigen. Turen startar frå Åsen 660 moh, så det er ikkje så stor høgdeskilnad. Noko fuktig kan det vera, så ta på gode sko. Totalt er turen på ca. 6 kilometer, og med pausar vil han ta omlag 4 timar.
Frammøte ved Prix i Gaupne kl. 09.45 og på parkeringsplassen til Sogn Skisenter kl. 10.00. Me køyrer færrast mogeleg bilar, då det kan vera trongt om parkeringsplassar på Åsen. Passasjerar betaler sjåføren kr. 100. Påmelding trengst ikkje. Velkomne alle!

07/09/2026

Adresse

Marifjora
6868

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Luster Turlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del