17/06/2026
Sommarnummeret av Norsk Barneblad blir delt ut til 4.-klassingane i Nome kommune denne veka. Nils Steinar Stavsholt og Kristian Hanto frå Lunde Mållag orienterer om utgåva og gjev ein repetisjon av hovudpunkt i nynorskens historie frå gjennomgangen dette skuleåret. Lunde Mållag har kome med bladet kvar månad gjennom vinteren og gjeve små blenk av den nynorske skriftkulturen. Her frå utdelinga til ein oppglødd gjeng på Lunde 10-årige skole.