Stavsete skifest

Stavsete skifest Telemark, alpint og snøbrett. Fjellcross og fjell. Stavsete skifestival med skileik og anna moro! Den arrangeres i regi av Syril og lokale aktørar. TIDTAKING ALSO!

Stavsete Skifest er ein skifestival arrangert på våren i Leikanger i Sogn. Litt historikk:
Stavsete skifest har sitt utspring i Sognefjordrennet, som framleis er ein av hovudaktivtetane på skifesten. Sognefjordrennet var Syril Telemark sitt fjellrenn. Arrangementet har sidan 2005 vore arrangert i "Systrondsfjeldi". Sognefjordrennet består av to renn; eit "Fjellrenn" for dei over 12 år, og "Fjell C

ross" for dei minste. Sognefjordrennet, fjellrennet, hadde status som Norgescup i Fjelltelemark i 2008 og NM i Fjelltelemark i 2010, med utdeling av kongepokal. I 2021 vart rennet flytta frå Fagereggi/Aoreveitadn til Huksdalen/Stavsete. FJELL CROSS er fyrst og fremst retta inn mot dei yngste, men er også populært hjå dei vaksne. Løypa har svingar og kular, og ei fin utfordring for alle. Alle køyrer på tid. Det er ingen spesielle reglar i fjell crossen. Men, alle løparane vert oppfordra til å stille med hjelm og ryggsekk, og elles halde seg til løypa. FJELLRENNET er for dei som likar bratt terreng, fart, og krevjade forhold. Det er ei grov portsattløype ned ei stor fjellside. Sikkerheita står i høgsete, så skredfare vert omsynteke. Det er klassar for både telemark, alpint og snøbrett. Alder: 12 år og eldre. Reglar: Fyrstemann til mål med felles start, eller tidtaking puljevis etter forholda. Premie til klassevinnarane. Deltakar må stille med hjelm og ryggsekk med ekstra klede, mat og drikke.

01/05/2026

Vel overstått Sognefjordrenn 2026 i strålende vær og perfekt snø! Vel møtt neste år

03/03/2026

Lørdag va ein bra dag! Set av 1. Mai-helga! Stavafjellet 🤩❄️

Sesongens siste (?) skitur, 31 mai. Sees til neste sesong!
31/05/2025

Sesongens siste (?) skitur, 31 mai. Sees til neste sesong!

Adresse

Stavsete
Leikanger
6863

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stavsete skifest legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stavsete skifest:

Del