Hegg Skyttarlag

Hegg Skyttarlag Hegg Skyttarlag vart skipa i 1898 Hegg Skyttarlag vart skipa i 1898 med Per Grøtte som formann. Laget hadde 20 medlemar og 10 av desse hadde rifle.

Ingen Krag med bedding og mirageband, men derimot Remingtonrifle med blykule. Skytebane vart oppretta der det passa og avstanden var 200 og 400 meter. Ingen statsa på toppidrett, så det var stort sett lagstemne og pokalskytingar. Aktiviteten gjekk opp og ned, men 1946 var eit jubelår. Premieskytinga gjekk over 3 dagar og det var 103 mannlige og 4 kvinnelege deltakara.. Skytinga føregjekk ved Oddhe

im. Året etter starta planlegging av skytebane, men den var det ingen som ville ha som nabo. Etter om lag 10 år byggetid var bana på Skårheim ferdig. Men då var skyteiveren borte. I 1966 gjorde Hegg Skyttarlag eit famlande comeback med unge skyttara. Etter to år var middelalderen i styret under 18 år, og folk rista på hove. Det vart feira 70 års jubileum og skyttarfesten vart årets oppfinning. Bana var i dårleg stand, men miljøet var godt. Planar for skytebane på Honningane gjorde at Vindhella skyttarlag vart starta oppatt. I 1970 valde laget eigen skiskyttarformann. Fyrste terrengløpet med skyting vart skipa til om hausten, og året etter var det skiskyting på Fillestølen i snøføyke. Etter den tid fekk skyttarlaget skulda for alt uroleg vær i vinterhalvåret. Dette året reiste dei fyrste skyttarane til Landsskyttarstemne. Ein tradisjon som seinare har vorte halde i hevd av til dels mange borjinder.

75 - års jubileet vart feira slik at folk hugsa det ei stund. "innandørs" terrengløp baneskyting på Skårheim 18 og 19 mai og sauesank som oppvarming til årsmøte. Hausten 1981 vart miniatyrskytinga flytta frå Fjell-ly til kjellaren hjå Tufte. Det dukka det opp mini-cup, maxi-cup, kvinnegruppe og pistolklubb. Det meste hadde ein normal kurve som forsvinn etter ei tid, men Åpningscupen 1. Mai har overlevd i 33 år. Kanskje mest fordi Hegg Skyttarlag aldri har hatt skyttara heilt i toppen. Men me har no samla ein del samlagsmeistertittlar på 30 år

19/06/2026

Jegertreningar sommaren 2026.

Dato:
Torsdag 18 juni kl 18oo Olav Tiemann/Dag
Lennart

Søndag 21 juni kl 13oo Kristoffer/ Morten

Torsdag 2 juli kl 18oo Olav Tiemann/Vegard
Søndag 5 juli kl 13oo Morten + 1

Torsdag 6 august kl 18oo Kristoffer/Dag
Lennart

Søndag 9 august kl 13oo Kristoffer/Vegard

Frammøte innan ein time etter oppsatt tid !

Prisar: 15 treningsskot kr 50,-

Jegerprøve kr 100,- for medlemar/200,- for
ikkje medlem.

Treningsammo: 6,5 (50stk) kr 600,-
308W/30-06 (20 stk) kr 350,-
Blyspiss (20 stk) kr 600,-

Hugs å laste ned jegerapp på tlf.
Betaling på Vipps eller kontant.

06/06/2026

Jegertreningar sommaren 2026.

Dato:
Torsdag 18 juni kl 18oo Olav Tiemann/Dag
Lennart

Søndag 21 juni kl 13oo Kristoffer/ Morten

Torsdag 2 juli kl 18oo Olav Tiemann/Vegard
Søndag 5 juli kl 13oo Morten + 1

Torsdag 6 august kl 18oo Kristoffer/Dag
Lennart

Søndag 9 august kl 13oo Kristoffer/Vegard

Prisar: Jegerprøve kr 100,- for medlemar/200,- for
ikkje medlem.

Treningsammo: 6,5 (50stk) kr 600,-
308W/30-06 (20 stk) kr 350,-
Blyspiss (20 stk) kr 600,-

Hugs å laste ned jegerapp på tlf.
Betaling på Vipps eller kontant.

05/12/2025
18/11/2025

Adresse

Laerdal
6888

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hegg Skyttarlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hegg Skyttarlag:

Snarveier

Del