16/04/2026
NYTT STYRE I Demensforeininga i Kvam ER SOM ÅRET FØR!
Me la årsmøtet vårt til pårørandetreffet 15.april, og det var nok lurt, for der var det 20 stk😍
Årsmelding og rekneskap vart lagt fram på borda, og alle i styret tok attval❤️💚🩵🩷
Me vil halda fram med å løfta tema og kjempa for "Eit verdig liv med demens" ut til innbyggjarane i kommunen, til Heradet og alle pårørande🥰
Tema som vart drøfta rundt borda:
Kvifor er det så ulik kvalitet mellom institusjonar og avdelingar i Kvam? Kan f.eks Firkløveren i Norheimsund læra sin faglege trygghet til andre?
Pårørande ser sine kjære bli passive, og veit at det tærer på helsa. Kan ein legga inn små minutt med rørsle på alle omsorgsbustader og institusjonar?
Gode system ivaretek dei eldre og tilsette betre!
Slitne eldre pårørande, - korleis kan fagfolka møta dei på ein måte som gir dei håp?
Frivillige vil bistå, men me treng litt støtte frå heradet iblandt, det treng ikkje vera pengar, men engasjement, støtte og faglege drøftingar.
Betre informasjon om det som skjer og fungerer godt på institusjonane.
Ellers er me veldig nøgde med vårt samarbeid med eindel fagfolk i Kvam herad som stiller villig opp på våre pårørandetreff og tema-arrangement! Og at heradet inkluderer oss i nye prosjekt. Tusen takk!
Rigmor Funes Olav Tombre Marit Rogde Beate Gauden