12/03/2024
Her er årsmeldinga for Folkeakademiet Agder for 2023. Lang tekst, som viser godt arbeid i lokalakasdemia: Årsmelding 2023
FOLKEAKADEMIET Agder
1. Om distriktet
Folkeakademiet Agder er eit distriktledd i Folkeakademienes Landsforbund og dekker fylket Agder.
1.1. Årsmøte 2023
Årsmøtet var på Bø hotell søndag 26. mars, i ei felles inspirasjonshelg med Folkeakademiet Telemark-Vestfold-Buskerud. Årsmøtet hadde utsendingar frå Arendal, Grimstad, Valle, Bykle, Risør, Kristiansand, Åmli og Farsund. Folkeakademiet Tvedestrand var representert med distriktsstyremedlem Inger Johanne Johnsen. Det var 16 med stemmerett, medrekna fire distriktsstyremedlemmer.
Generalsekretær Bjørge Aase var med på årsmøtet, og orienterte blant anna om økonomien og rekneskapsføringa.
1.2. Administrasjon
I 2023 har vi ikkje hatt eigen distriktskoordinator. Alessia Franquillo tok over Siw Johannessens rolle som turnéansvarleg frå februar 2023, med 20% stilling på deling med distrikta TeVeBU og Midt-Norge. Det har ikkje lyktest landsforbundet å få tilsett ein ny organisasjonsrådgivar som kunne ha administrativ støtte også for Agder som ein definert del av stillinga, slik fleire andre distrikt har fått. Landsforbundet hadde kome fram til val av tilsett, men han trekte seg dessverre.
Rekneskapen er ført av firmaet Progressum, som også fører alle andre distritsrekneskaper og landsforbundets rekneskap i folkeakademiet. Distriktsstyreleiaren har stått for møteinnkallingar, noe lokallagskontakt og kontakt med landsforbundet, mens nesteleiar i styret har tatt seg av referata frå styremnøta.
1.3. Styret
Sammensetning distriktsstyret, valnemnd og revisor
Styreleiar Jan Kløvstad (FA Arendal) valt til 2024
Nestleiar Ronny Stavsholt (FA Valle) valt til 2025
Styremedlem Anne-Berith Råbu Steinkleiv (FA Åmli) valt til 2025
Styremedlem Inger Johanne Johnsen (FA Tvedestrand) attval til 2024
Styremedlem Steinar Reinertsen (FA Farsund) valt til 2024
Vara
Varamedlem 1 Inga Lauvdal (FA Kristiansand) valt for eitt år til 2024
Varamedlem 2 Ingvar Kolnes (FA Kristiansand) valt for eitt år til 2024
Varamedlem 3 Astrid Marie Engeli (FA Åseral) valt for eitt år til 2024
Rekneskap i 2023 Progressum ved Morten Thomassen
Valnemnd for 2024 blei attvalt, og består av Tor Steinar Fromreide, Folkeakademiet Farsund og Kristi Wicklund, Folkeakademiet Evje, med Sissel Åkre, Folkeakademiet Valle og Roald Einstabland, Folkeakademiet Vennesla som varamedlemmer.
Randi Steinsholt, Folkeakademiet Bykle, og Liv Bratlie Løyland, Folkeakademiet Valle, skreiv under protokollen.
Etter årsmøtet fekk vi fleire oppslag i fleire lokalaviser med bilde av årsmøteutsendingar og kort omtale av at lokalakademia er på veg til same nivå som før pandemien. Her er utskrift av avisoppslag:
Setesdølen
Folkeakademi-samling i Bø i Telemark. Frå venstre: Distriktsstyreleiar Jan Kløvstad, utsendingane Ronny Stavsholt (nestleiar i distriktsstyret og Folkeakademiet Valle), Liv Bratlie Løyland, Folkeakademiet Valle, Anne Margrete Bjåen og Randi Steinsholt i Folkeakademiet Bykle med generalsekretær Bjørge Aase i Folkeakademiets landsforbund til høgre. (Foto: Ingvar Kolnes)
Folkeakademiet i Bykle inspirerte
Folkeakademia i Setesdal markerte seg godt under distriktsårsmøtet og inspirasjonssamlinga for folkeakademia i Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud nyleg.
Sigurd Haugsgjerd [email protected]
Publisert: 04.04.2023 06:04
Møtet var lagt til Bø i Telemark der ikkje minst folkeakademiet Bykle blei grundig presentert. Den ferske kulturprisvinnaren Randi Steinsholt fortalte om aktiviteten i Bykle i tekst og bilde, og gav god inspirasjon til nesten 40 deltakarar frå folkeakademia i store delar av Sør-Noreg. Det viser seg at folkeakademia har kome opp på nesten same aktivitetsnivå som før pandemien.
I Bykle vart Mangfaldsdagen markert med 200 menneske frå 17 nasjonar som deltok, innsatsen i Bykledagen og 17. mai, og fleire andre arrangement i Bykle blei framheva.
Valle i finalen
Også Folkeakademiet Valle fekk ros. Laget var med i finalen då det beste folkeakademiet i landet skulle kårast i fjor. Både den årlege Kulturveka og det jamne og solide arbeidet heile året var grunnlaget for at Valle kom så høgt.
På distriktsårsmøtet i Bø blei Ronny Stavsholt frå Valle attvald som nestleiar i distriktsstyret. Kristi Wicklund frå Folkeakademiet Evje og Hornnes blei attvald som medlem i valnemnda.
10.000 på arrangementa
Årsmeldinga viser godt over 10.000 frammøtte på folkeakademiarrangement i 2022. Mens distriktsstyret måtte avlyse heile ni av 12 planlagde turnear i pandemiåret 2021, var det ti turnéar med 3583 frammøtte tilhøyrarar på i alt 64 turnéarrangement med foredrag, konsertar og teaterframsyningar i det første året etter at pandemien stort sett gav seg.
Nå er det tretten aktive folkeakademi i Agder, går det fram av ei fyldig årsmelding, der aktiviteten i lokalakademia blei løfta fram...
Og i Lister24:
Har reist seg etter pandemien
Folkeakademiet Farsund/Lista er ett av de mest aktive folkeakademiene i hele Agder.
Åshild Vere Jacobsen og Steinar Reinertsen fra Farsund fotografert sammen med med distriktsstyreleder Jan Kløvstad (til venstre) og generalsekretær Bjørge Aase i Folkeakademiets landsforbund på distriktsårsmøtet og inspirasjonssamlingen i Bø i Telemark sist helg. Foto: Ingvar Kolnes
Svein Morten Havaas Redaktør
Lokalakademiet var delaktig i hele 32 kulturarrangement i 2022, med i alt 2.086 tilhørere. På distriktsårsmøte og inspirasjonssamling i Bø i Telemark sist helg, ble den gode aktiviteten i Farsund lagt merke til, opplyses det i en epost til redaksjonen.
Åshild Vere Jacobsen representerte akademiet på årsmøtet, mens Steinar Reinertsen møtte som medlem av distriktsstyret. Tor Steinar Fromreide er leder av valgnemnda i Folkeakademiet Agder og deltok på årsmøtet i egenskap av dette vervet.
I Bø var det også konsertinnslag med visesangeren og folkemusikeren Geirr Lystrup, som nylig var i Farsund på en stor og vellykket musikkveld.
Mens folkeakademiet i Agder måtte avlyse hele 9 av 12 planlagte turnéer i pandemiåret 2021, var det ti turnéer med 3.583 fremmøtte tilhørere på i alt 64 turnéarrangementer med foredrag, konserter og teaterforestillinger i det første året etter at pandemien stort sett gav seg. Nå er det 13 aktive folkeakademi i Agder, går det fram av en fyldig årsmelding. Årsmeldingene for lokalakademia viser at det var over 10.000 frammøtte på arrangementene i 2022. Dette var både distriktsstyret og de mange frammøtte på årsmøte og inspirasjonssamling i Bø godt fornøyd med.
Under ser vi utsendingane også frå Grimstad, Kristiansand, Risør og Tvedestrand og Åmli i distriktsstyrets forsøk på å få lokal avisomtale.
2. Styremøter og saker
Distriktsstyret har hatt fem styremøte (22. mars, 24. mai, 14. juni, 30. august og 13. desember) og behandla 38 saker. Alle møta var på teams. Styreleiar har leia møta, og frå juni har nestleiar Ronny Stavsholt vore møtesekretær.
Blant sakene på styremøta var:
Årets tildeling frå Folkakademiets Landsforbund var 220 000 kr, eit tillegg på 10 000 kr frå 2022. Nytt lokalakademi i Grimstad er ei av forklaringane på dette. Den andre inntektskjelda er fylkeskommunalt tilskot, der vi fekk 207 000 kr. Desse to summane blir brukt til turnésubsidiering og tilskot vidare til lokalakademia.
I mars fordelte distriktsstyret rammer til lokalakademia. Noen lokale akademi har mange medlemmer, andre har høg aktivitet, noen held til i fattigare kommunar enn andre. Det er stor forskjell på Bykles kulturbudsjett og kulturbudsjettet i Tvedestrand. I Tvedestrand får ingen kulturorganisasjonar for vaksne ei einaste krone i tilskot. Dette forsøkte styret å ta med i tankegangen bak forslaget.
I tillegg til fordelinga under, kunne lokalakademia å søke prosjekttilskot frå landslaget. I årsmeldinga for Folkeakademiet Agder for 2022 er det nemnt noen gode eksempel på dette, både frå Folkeakademiet AKA Agenda Kultur Arendal, Folkeakademiet Arendal og Folkeakademiet Vennesla.
FOLKEAKADEMIET Agder - RAMMETILSKOT 2023
Vedtak 2023 Refusjonsramme 2022 Refusjonsramme
2021
FA Arendal 14 000 14 000 18 000
FA AKA Agenda Kultur Arendal 10 000 10 000 8 000
FA Bykle 11 000 11 000 8 000
FA Evje og Hornnes 6 000 8 000 8 000
FA Grimstad 10 000 6 000 0
FA Tvedestrand 13 000 12 000 14 000
FA Valle 14 000 14 000 14 000
FA Vegårshei 7 000 10 000 8 000
FA Risør 9 000 10 000 8 000
FA Åmli 13 000 10 000 14 000
FA Farsund Lista 14 000 10 000 16 000
FA Kristiansand 14 000 14 000 17 000
FA Vennesla
14 000 14 000 17 000
FA Åseral 9 000 9 000 8 000
Totalt til fordeling 160 000 152 000 158 000
Her er fordeling mellom administrasjon/turné og lokalakademitildelingar i 2022 og 2023:
2022: 58 000 til administrasjon og turne, 152 000 til lokalakademia
2023: 60 000 til administrasjon og turné, 160 000 til lokalakademia
Distriktsstyret samarbeidde med Folkeakademiet TeVeBu om to inspirasjonssamlingar og årsmøtehelg i Bø. Til begge helgene fekk lokalakademia tilbod om subsidiering av 1500 kr for to deltakarar, samla sum inntil 3000 kr til kvart lokalakademi.
Ei tilbakevendande sak i distriktsstyret var systemet med utbetaling av rammer/refusjonar til lokalakademia, Vi ville gjerne at den summen distriktsstyret vedtok i februar kunne bli betalt ut direkte til lokalakademia. Og så justerer vi året etter, ved at dei som er mest aktive får meir og dei som ikkje er fullt så aktive får mindre neste år. Men regelverket departementet har pålagt Folkeakademiets Landsforbund gir oss dessverre ikkje den fridomen. Landskontoret deler utbetalingane i to, og den andre utbetalinga blir justert utfrå gjennomførte planar. På den måten fekk distriktsstyret i januar 2024 12 000 kr som ikkje var brukt i 2023 til ny fordeling.
I fleire av styremøta blei vi orientert av turnéleggar Alessia Franquillo om aktuelle turnéar og status for dei. Sjå den endelege turnéstatistikken. Det ser ut til at dei fleste lokalakademia kan tole ein kostnad på inntil 4-5000 kr for eit «greitt tilbod», og strekke seg til drygt 6000 kr for eit namn som garantert vil trekke fulle hus.
I junimøtet i styret kom det signal om håp om etablering av folkeakademi i Vegusdal. Distriktsstyreleiar deltok seinare i fleire møte og arrangement i Vegusdal, og dyktige folk lokalt etablerte eit godt og velfungerande akademi mot slutten av året.
Den store saka mot slutten av 2023 var ønsket frå landsstyret om å slå saman distrikta til større distrikt, og gjerne frå 11 til fire-fem. Dette blei drøfta i teamsmøte 13. desember og også i fysisk møte i Vegusdal 25. januar 2024.. På begge møta kom det fram, at styret er delt i synet på samanslåing. Det blei drøfta to alternative vedtak: 1. Folkeakademiet Agder slår seg saman med Folkeakademiet Te-Ve-Bu og 2. Folkeakademiet Agder består som eigen organisasjon. I desembermøtet var det semje om å ta det nemnte fysiske møtet i januar, og så samla eller delt innstilling i tide til innkalling og sakspapir til distriktsårsmøtet i Bø 17. mars 2024.
Landsstyret og landskontoret har også i 2023 lagt vekt på å styrke lokalakademia. Her frå utkastet til rekneskap for Folkeakademias Landsforbund for 2023:
2.1. Andre verv i Folkeakademiet
Tillitsvalte som hadde verv i Folkeakademiet utanom distriktet og eige lokallag
eller som hadde verv på vegner av distriktet i organisasjonar/samanslutningar distriktet samarbeider med/er medlem i:
Verv Styre/komité/utvalg Navn
Landstyremedlem Folkeakademias landsforbund Jan Kløvstad
Leiar Vedtektsnemnda i landsforbundet Jan Kløvstad
2.2. Representasjon
Tillitsvalte i distriktslaget som deltok på kurs/møte/seminar/ eller liknande arrangement på vegne av Folkeakademiet:
Anledning Arrangør Dato Navn
Landsstyremøte FAL FAL Heile året Jan Kløvstad
3. Lokale folkeakademi og aktiviteten der
Distriktet har 15 lokalakademi. Folkeakademiet Vegusdal blei etablert seinhaustes 2023. Folkeakademiet Grimstad kom nytt i 2022.
Akademia ved utgangen av 2023 er i Farsund, Vennesla, Evje og Hornnes, Grimstad, Vegårshei, Risør, Valle, Arendal med to (Folkeakademiet AKA – Agenda Kultur Arendal og Folkeakademiet Arendal), Kristiansand, Bykle, Åmli, Tvedestrand, Åseral – og Vegusdal
Og enda meir detaljert om kor arrangementa var, kven vi nådde og folkeakademiets rolle:
Her følgjer noen glimt får arbeidet i 2023, bygd på oppslag i aviser og andre innspel styret har fått. Det er geografisk litt austvendt, men gir likevel eit bilde av allsidig og god aktivitet. Turnéprogram i januar om krigssseglarar, med blant anna Evje og Froland (biblioteket) som arrangementsstader.
Folkeakademiet Arendal organiserte kronerulling for at ukrainske flyktningar skulle få sjå balletten frå Kyiv danse i Arendal kulturhus. Det kom inn over 16 000 kr, og over 40 flyktningar fekk sterkt redusert inngangsbillett.
Folkeakademiet i Risør arrangerte samtale mellom Olav Vesaas og Magnus Takvam 7. mars, om dei diktande mødrene sine. Samtaleleiar av Jan Kløvstad.
Hans Olav Lahlums krimfestival i Tvedestrand i februar 2023. Folkeakademiet Tvedestrand har frå 2020 vore hovudarrangør av festivalen, med Bokbyen Tvedestrand og Bokhuset i Tvedestrand som samarbeidspartnarar. På bildet under blir Jørn Lier Horst intervjua av Agderpostens utsendte jourmalist.
Geirr Lystrup var på lang turné både på dagtid og kveldstid. Bilda er frå institusjonane Plankemyra og Myratunet i Arendal. I Arendal hadde han også open kveldskonsert i regi av Folkeakademiet Agenda Kultur Arendal, Losje Starkad, Austegdelaget og Folkeakademiet Arendal. Turnélivet kan vere hardt. Han køyrte direkte til Valle etter kveldskonsert i Arendal. Turneen med Pider Ro og sørlandsviser gjekk over stoe delar av Agder. I Arendal var det også eit samarbeidsarrangement mellom Folkeakademiet AKA Arendal, Austegdelaget og Folkeakademiet Arendal i Lille Torungen i Arendal kulturhus. Det var første gongen folkeakademia var i kulturhuset. Det blei full sal, og folkeakademias jubileumsgåve til 300-årsjubileet i Arendal i 2023. Skodespelar Lars Emil Nielsen og visesongar og musikar Svein Helge Vikse gjorde suksess over heile Agder.
Det ukrainske folkemusikkorkesteret US Ukraine heldt konsert saman med Kirsten Bråten berg, Johanne Flottorp, Leiv og Åsmund Solberg på Vigeland i Arendal 27. august. Arendal kommune var arrangør, og Folkeakademiet Arendal og Austegdelaget gjekk saman om å ordne buss for ukrainske flyktningar som også blei ein del av arrangementsstaben.
Marianne Berg besøkte mange lokalakademi med foredrag om den fantastiske poteta i september. Boka om potetas kulturhistorie kom ut på Orkana Forlag, og inneheld blant anna foto frå potetopptakinga i Valle.
Turnéen var organisert av turnéplanleggar Alessia Franquillo, som også organiserte den store turnéen med Erik Lukashaugen sist i oktober.
Erik Lukashaugen hadde konsertar med allsidig repertoar og med programmet «Hans Børli å je» både i Trøndelag, Telemark, Vestfold, Buskerud og Agder. Hos oss var han i eldreinstutusjonar i Grimstad, Lillesand, Birkenes, Vennesla, Vegårshei, Åseral, Farsund og Flekkefjord på dag- og ettermiddagstid. På kveldstid var han i Vegusdal, Kristiansand, Farsund, Arendal, Åmli.
Lukashaugen var trekkplasteret på det første folkeakademiarrangementet i Vegusdal på mange tiår, og i nedanfor viser vi resultatet: nytt folkeakademi i bygda.
Midt i oktober var det 20-årsjubileum for den store kulturveka i Valle, med Folkeakademiet Valle som hovudarrangør og nav i eit imponerande samarbeid i kulturlivet i kommunen.
Rundt FN-dagen 24. oktober var det fleire arrangement i fleire av lokalakademia. Folkeakademiet AKA i Arendal hadde stor kyrkjekonsert i Barbu, med prosjekttilskot frå Folkeakademias Landsforbund. Folkeakademiet Arendal og medarrangør Austegdelaget la inn Børli-konserten til Erik Lukashaugen i dei internasjonale kulturdagane «Saman i verden», for å vise at også Norge skal integrere seg i resten av verda. Plakatbua på Kanalplassen i Arendal dominert av dei to folkeakademia i kommunen.
19. oktober hadde Erik Lukashaugen konsert på Vegusdal gjestegård, for fullt hus. Distriktsstyreleiar Jan Kløvstad orienterte om folkeakademiet, og mange blei igjen for å diskutere oppsart av lokalakademi. Astrid Madsen og Anne Hovland blei valde til å førebu formelt skipingsmøte, som altså blei så raskt som 28. november.
Styret i Folkeakademiet Vegusdal på skipingsmøtet på Vegusdal Gjestegård 28. november 2023. Framme til venstre nestleiar og sekretær Anne Hovland, styremedlem Jens Vellene, økonomiansvarlege Arne Helge og Marie Johnsen, styremedlem Egon Madsen, leiar Astrid Madsen og styremedlem Ole Morten Vegusdal. Styremedlem Stein Dørdal var forhindra denne dagen. Foto Jan Kløvstad
Under er reportasje i Setesdølen om konserten med Lukashaugen.
Tidleg i november hadde Folkeakademiet Arendal og Austegdelaget ei ny storsatsing i Arendal kulturhus, med konsert med Karl Seglem: Mytevegar. Den nye cd-en fekk ei fantastisk mottaking i norsk og internasnonal jazzpresse, og konserten med Seglem, Eirik Dørsdal og Alf Magne Hillestad var eit musikalsk og lyrisk høgdepunkt. Til venstre ønsker Anne-Brit Dræge velkomen til den lyriske konserten.
Den siste turneen i 2023 var bygd på Tore Kvævens nye roman «Raudt støv». Det var berre få lokalakademi som meldte seg som arrangørar, sjølv om det var stor suksess med turné for noen år sidan med romanen «Når landet mørknar». Den fekk Kvæven både Brageprisen og Sørlandets litteraturpris for. Også «Raudt støv» er nominert til Sørlandets litteraturpris, men det visste ikkje arrangørane hausten 2023. Dei som var vertskap for Kvæven meldte om ein kvalitetskveld.
I 2023 var Folkeakademiet Arendal medarrangør for fire songstunder på Tyholmen frivilligsentral i Arendal sentrum.
Distriktsstyret har sendt ut to informasjonsskriv til lokalakademia om turneane, og i tillegg var alle akademia invirerte til informasjonsmøte på teams 8. november om vårtilboda for 2024.
4. Medlemmer
I desember 2023 hadde vi 297 medlemmer (289 i 2022 og 282 i 2021). Bak dette talet er det både 149 personlege medlemmer, 75 familiemedlemmer (som vi nok kan gange med eit snitt på tre medlemmer) og 63 kollektive medlemmer. Dei kollektive medlemmene kan ha alt frå 395 medlemmer i Nidelv ungdomslag i Arendal, 117 medlemmer i Austre Moland historielag, mange pasientar på ein eldreinstitusjon og noen små organisasjonar. Det er derfor vanskeleg å operere med eit totalt medlemstal
Det viktige her er at kombinasjonen personlege medlemmer, familiemedlemmer og kollektive medlemmer gir eit stort tal menneske som er direkte med , - og ein solid plattform for å nå langt ut med aktivitetar og samfunnsbyggande oppdrag. Sjå neste avsnitt om turnéar.
5. Turnéar
Turnéleggar Alessia Franquillo har sendt ut turnétilbod til alle lokalakademia, og til alle eldreinstitusjonar. Distriktsstyreleiar har sendt ut to informasjonsskriv til lokalakademia, og i tillegg var alle akademia invirerte til informasjonsmøte på teams 8. november om vårtilboda for 2024. Turnéane er eit viktig tilleggstilbod til lokalakademia, mens den største aktiviteten er på eige initiativ lokalt. I oversikten over aktivuteten imlookalakademia er fleire av turnéane omtalt. Oppsummert var det desse programma:
Våren 2023:
(DKSS er Den kulturelle spaserstokken, finansiert av tilskot frå Agder fylkeskommune)
Teater Fabel: Forestillinga Og etterpå blei alt stille
V2304A TEATER FABEL
Froland bibliotek 20
FA Kristiansand 28
FA Valle 15
Øystein Djupedal: Demokrati og menneskerettar er trua
V2301A DJUPEDAL
FA Valle 45
FA Kristiansand 60
Geirr Lystrup: Lyden av Lystrup
V2302A LYSTRUP
FA Arendal 42 42
Fa Valle 25 FA Valle 28 FA Valle 40 93
Plankemyra 78 Margrete Stift 20
FA Kristiansand 70 168
Myratunet 45
FA Åmli 12 57
FA Farsund 65 Birkenes akt.senter 51 116
Lars Emil Nielsen og Svein Helge Vikse: Pider Ro og sørlandsviser
V2305A NIELSEN&VIKSE
Institusjon Solhaug 30 Institusjon 40 FA Arendal 100. 170
Institusjon Dovreheimen 60 Institusjon Høvågheimen 50 FA Kristiansand 40 150
Institusjon Valle 30 FA Valle ? 30
Institusjon Åseral Minne 25 Institusjone Eiken 40 65
Ellen Svalheim: tre foredrag om Frøboka, ei handbok for innsamling av lokale frø til innsektsvennlig blomstereng. Vi manglar frammøtetal her. Stipulert til 70.
V2306A SVALHEIM
Froland bibliotek
FA Kristiansand
FA Valle
Hausten 2023:
Marianne Berg: Den fantastiske poteta. Frammøte stipulert til
Farsund Hagelag
FA Arendal 43 frammøtte
FA Kristiansand
FA Bykle
Erik Lukashaugen: Børli å je. Med til saman 525 frammøtte.
DKSS Grimstad DKSS Grimstad DKSS Grimstad
DKSS Lillesand DKSSLillesand
DKSSVennesla
FA Vennesla
FA Vegusdal
DKSS Birkenes FA Kristiansand
FA Farsund
FA Vegårshei
FA Arendal 63 frammøtte
Åseral
DKSS Farsund
DKSS Farsund
DKSS Flekkefjord DKSS Flekkefjord DKSS Flekkefjord
Tore Kvæven: To foredrag om romanen Raudt støv, ein Grønlandskveld i Arendal. Med 56 frammøtte
FA Arendal 42 frammøtte
FA Valle
FA Kristiansand
Til saman 1840 frammøtte på turnéane i 2024, med forsiktig stipulerte tal for Svalheim og Berg.
6. Eigne arrangement
Folkeakademiet Agder har lang tradisjon for oppdrag i Den kultuelle spaserstokken frå tidlegare Vest-Agder fylkeskommune, ein praksis som har følgt med inn i det samla Agder. Agder fylkeskommune gav Folkeakademiet Agder eit ekstra tilskot på 100 000 kr, og oppdrag om å bruke pengane i Den kulturelle spaserstokken, på institusjonar i Agder i 2022. Når kommunane grunna korona ikkje klarte å bruke dei tildelte pengane i 2021, fekk folkeakademiet sjanse til å gi ekstra tilbod. Vi kunne tilby gratis konsertar med Geirr Lystrup, Lars Emil Nielsen og Svein Helge Vikse (teater og visesong) og Erik Lukashaugen i 2023. Siste del av dette oppdraget blir gjennomført våren 2024, med gratiskonsertar i institusjonar med Olav Stedje (Sjå også under kapittelet 8. Samarbeid).
I 2023 hadde vi ei godt besøkt inspirasjonssamling i samband med distriktsårsmøtet i Bø 25.-26. mars, og ei samling med bra med folk også 14.-15. oktober same stad. Distriktsstyreleiar Signe Marie Kittelsaa i Folkeakademiet Telemark-Vestfold-Buskerud leia arbeidet med desse to samlingane. Leiar Randi Steinsholt Folkeakademiet Bykle presenterte arbeidet sitt i samlinga i mars. Blant anna fortalte ho om vellykka mangfaldsarrangement. I oktobersamlinga var det nyttig kurs om skriving av søknadar med øprosjektomtale, budsjett og raopportering , ved oprganisajsonsutviklar Hanna Sønsteby i Folkeakademiets Landsforbund. Generalsekretær Bjørge Aase hadde foredrag i begge samlingane.
7. Studieforbundet Kultur og tradisjon
Studieforbundet Kultur og tradisjon har gitt støtte til fleire tiltak i lokallaga våre.
8. Samarbeid
Folkeakademiet Agder har nært samarbeid med fylkeskulturadministrasjonen i Agder. Dette gjeld både med gjennomføring av turnéar i institusjonar, og råd og dåd i det daglege arbeidet. For 2023 fekk vi ei øyremerka løyving på 207 000 kr. 160 000 kr av dette var til å subsidiere konsertar i institusjonar (DKSS: Den kulturelle spaserstokken), og 57 000 kr for å administrere dette. I tillegg hadde vi ikkje klart å bruke opp alt av dei øyremerka tilleggsløyving frå desember 2021 på 100 000 kr, fordi noen planlagte turnear ikkje blei gjennomført i 2022 og 2023. Både Geirr Lystrup og Lars Emil Nielsen/Svein Helge Vikse på våren, Erik Lukashaugen på hausten heldt konsertar i institusjonane.
Brutto utgifter med desse turneane i 2023 var 243 121 kr. Lokalakademia betalte til saman 76 020 kr for dei same utøvarane på kveldstid. Netto bruk av det fylkeskommunale tilskotet til arrangement på eldreinstitusjonar var 168 223 kr. I tillegg kom ca 8000 kr av dei 11 693 kr vi har betalt TONO, så samla netto sum er rundt 176 000 kr. Vi klarte ikkje å bruke opp heile resten av løyvinga frå 2021/2022 i 2023, og har derfor også brukt av desse pengane på turné med Olav Stedje i januar 2024. Eventuell rest av ekstraløyvinga vil bli brukt i resten av 2024.
Det var nært samarbeid med Folkeakademiet Te-Ve-Bu og landskontoret gjennom heile året.
9. Kommunikasjon og synlighet
Der det er lokalaviser, er det imponerande mange oppslag om aktiviteten i folkeakademia. Logoane (både Nøkkelen og plektra) er å sjå i alle annonsebruk. Folkeakademia i Bykle, Valle og Evje og Hornnes er svært flinke til å bruke Setesdølen i førehandsomtalar, og får også ein gong i mellom omtale etterpå. I Risør (Aust-Agder Blad), Tvedestrand (Tvedestransposten), Vennesla (Vennesla Tidende), Farsund (Farsunds Avis Lister 24), Åseral (mest Lindesnes Avis) og Grimstad (Grimstad Adressetidende) er det jamt med førehandsomtalar og annonsar. I Arendal brukar dei to folkeakademia mykje det lesarstyrte Sideblikk i Agderposten, i tillegg til at Agderposten har ein kalender (Det skjer Agderposten). Der er alle arrangement blir lagt inn, og er synlege både i nettutgåve og i papiravisa to dagar i veka. Folkeakademiet Risør har god praksis med plakatar over heile sentrum før arrangementa.
Folkeakademiet Agder har eiga facebookside, og same har fleire av lokallaga. Her er noen eksempel frå 2023, eit år med kraftig vekst i bruken av sosiale medier i lokalakademia våre:
10. Oppfølging av «Visst virker kunnskap og kultur»
På landsmøtet i Bergen i juni blei visjonen styrka med ordet kunnskap. I ei verd med mykje bruk av konspirasjonsteoriar i sosiale medier og andre stader, er det viktig at folkeakademia både formidlar kunst og kultur som eigenverdi, og er kunnskapsbaserte i val av foredragshaldarar. Vi har blant anna hatt turnear om demokrati og menneskerettar, fleire arrangement om krigen i Ukraina, og har planar om demokrativerkstader.
Alle arrangementa er i tråd med den vedtatte 6-årsplanen i Folkeakademias landsforbund.
Arendal, 28. februar 2024
På vegner av styret i Folkeakademiet Agder
Jan Kløvstad
Styreleiar i Folkeakademiet Agder
Vedtatt i styremøte 27. februar 2024 som styrets forslag til årsmelding for 2022.