Senioruniversitetet i Sogn

Senioruniversitetet i Sogn Senioruniversitetet i Sogn arrangerer foredragskveldar og turar med ulike tema som er aktuelle i tida. Senioruniversitetet er ein frivillig organisasjon.

29/03/2026

Onsdag 8. april vil journalist Inge Kjell Holme snakke om Vernet av Vettisfossen for vel 100 år sidan. Om kampen for vern og naturkvalitetane.
I det foredraget med mange bilete fortel Inge Kjell Holme om naturkvalitetane, aksjonen for vern og han presenterer dei første skildringane av Nord-Europas høgste uregulerte fossefall i fritt fall. Han ser også på korleis naturvern kom inn i samfunnsdebatten frå århundreskiftet
Velmøtt på Sogn Folkemuseum onsdag 8.4. kl 18.00!
Ikkjemedlemmer betalar kr. 150.
For styret i Senioruniversitetet i Sogn,
Ingrid Syse, leiar

01/03/2026

Temaet for foredraget på Sogn Folkemuseum onsdag 4. mars er «Digitalisering og inkludering – saman for en ein enklare kvardag». Korleis kan vi sikre trygg tilgang til digitale tenester for alle? Kvifor er digital inkludering også beredskap? Vi har fått Nina Olsen Munthe, avdelingsdirektør for Fellesløysingar i Digitaliserindirektoratet (Digdir), og Malin Rygg , tilsynsdirektør for Digdir, for å snakke om dette viktige temaet.
Ikkjemedlemmer: kr. 150.
Vel møtt på museet onsdag 4.3. kl 18.00.
For styret i Senioruniversitetet Sogn
Ingrid Syse, leiar

01/02/2026

Tysdag 10. februar får Senioruniversitetet i Sogn besøk av professorane Atle Sæterbakken og Vidar Andersen Å vere fysisk aktiv i eldre år - kva veit ein om å styrke kroppen når ein blir eldre, og korleis får ein det til? Når vi blir eldre skjer det ei rekke aldersrelaterte endringar som påverkar vår fysiske form. Konsekvensen er blant anna nedgang i styrke og uthald som igjen påverkar vår evne til å gjere kvardagslege aktivitetar. I foredraget vil Sæterbakken og Andersen fortelje meir om desse endringane, men ikkje minst gjere greie for korleis trening kan motverke dei. Blant anna vil dei fokusere på kva for type trening ein bør vektlegge, korleis den bør gjennomførast, kor mykje ein bør trene og kva for endringar ein kan forvente. Ikkje-medlemmer betalar kr. 150
Vel møtt på Sogn Folkemuseum tysdag 10.februar kl. 18.00
For styret i senioruniversitetet i Sogn
Ingrid Syse (leiar)

12/01/2026

Onsdag 21.1. kl. 18.00 vil journalist og forforfattar Terje Eggum snakke om Fjærland sin lange vegkamp (Skei-Fjærland/ Fjærland-Sogndal) med utgangspunkt i boka han gav ut i 2025: «Tvers gjennom fylket". I foredraget fortel han om bakgrunnen for realiseringa av Fjærlandsvegen. Her blir lupa lagt på trekvart hundre års veghistorie i Sogn og Fjordane. Det handlar om ei innestengd bygd sin kamp for veg, men også om det gamle fylket sin store visjon på vegsida, det ferjefrie tverr-sambandet mellom Fjordane og Indre Sogn.
Vel møtt til foredragskveld på Sogn Folkemuseum, Kaupanger!
For styret i Senioruniversitetet i Sogn
Ingrid Syse
Leiar

02/11/2025

Senioruniversitetet i Sogn inviterer til foredrag om kvinnepioneren Katti Anker Møller (1868-1945) onsdag 12. november. Journalist og forfattar Hege Duckert viil ta oss med tett på livet til ein av dei viktigaste stemmene til kvinner sin rett til å bestemme over seg sjølv og om dei historiske og sosiale rammene som forma Katti Anker Møller.
Katti Anker Møller var ein uvanleg kvinnesakspioner. Ho var godseigarfrue og sosialist, kjølig lady og brennande aktivist, husmor og revolusjonær. Ho kjempa for kvinners rett til prevensjon og abort i ei tid der slikt var forbode i Noreg. Dette er framleis eit aktuelt tema. Samtidig arbeidde ho for at alle som skulle bli mødrer skulle få fødselshjelp og at også barn fødde utanfor ekteskap skulle få rett til faren sitt namn og arv. For desse radikale tankane vart ho latterleggjort og utstøytt. Først fleire tiår etter at ho var død følgde det norske samfunnet i spora ho gjekk opp.
Vel møtt på Sogn Folkemuseum onsdag 12.11. kl 12.00.
Ikkjemedlemmer betalar kr. 150.
For styret i Senioruniversitetet i Sogn
Ingrid Syse, leiar

16/10/2025

Senioruniversitetet i Sogn inviterer til møte om nettsvindel.
Svindlarane blir stadig meir utspekulerte. Vi les og høyrer litt for ofte om folk som er blitt svindla for store summar. Du får SMS-ar eller e-postar som kan sjå ut som dei kjem frå Autopass, Statens vegvesen eller andre kjende aktørar. Du blir bedt om å klikke på ei lenkje og logge inn for å “oppdatere kontoen” eller “betale uteståande beløp”. Du kan bli oppmoda om å gå inn på ei nettside som ser ekte ut, men er laga for å stele BankID-informasjonen din. Du kan få ein telefon frå «politiet» som seier at bankkontoen din er i ferd med å bli hacka. Men dette er svindel. Nokon prøver å stresse deg til å gi frå deg informasjon om kontoen din. Mange let seg diverre lure. Kva er det eigentleg som skjer? Korleis kan vi oppdage at dette er svindel? Kva kan vi gjere dersom vi går på limpinnen?
Onsdag 22. oktober får vi besøk av Mari Beate Voll Yndestad og Catrin Hestetun Sandnes, rådgjevarar i Sogn Sparebank. Begge jobbar med svindel og reklamasjonssaker. I foredraget sitt vil dei snakke om ulike svindelmetodar, sjølvforsvar mot svindel og informasjon dersom ein blir ramma. Dei vil også snakke litt om BankID og legitimasjon.
Møte er ope for alle, men ikkje-medlemmer betalar kr. 150.
Vel møtt på Sogn Folkemuseum onsdag 22. oktober kl. 18.00
For styret i Senioruniversitetet i Sogn
Ingrid Syse

25/09/2025

Senioruniversitetet i Sogn inviterer til møte om klima- og naturomstilling ved seniorforskar Carlo Aall.
Torsdag 2. oktober kjem leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall, til Senioruniversitetet i Sogn for å snakke om eit svært aktuelt tema : Klima- og naturomstilling: kva kan det ha å seie for Sogn?
Å omstille seg etter korleis klima og natur endrar seg, er ikkje noko nytt for sogningane. Men i våre dagar endrar begge deler seg veldig mykje fortare og i andre retningar enn det vi har vore vande med. Kva består desse nye endringane i, korleis viser dei seg direkte og indirekte i kvardagen vår? Kva kan du og eg gjere - og kva bør storsamfunnet gjere - for at vi framleis skal kunne ha gode liv i Sogn?
Vel møtt på Sogn Folkemuseum torsdag 2.10. kl. 18.00.
Ikkje-medlemmer betalar kr. 150.
For styret i Senioruniversitetet i Sogn
Ingrid Syse
leiar

03/06/2025

Senioruniversitetet i Sogn inviterer til møte på Sogn Folkemuseum om utvandringa til Amerika ved historikar Rasmus Sunde onsdag 11. juni kl. 18.00. Tittelen på foredraget er: Norsk utvandring frå 1825.
I år er det 200 år sidan den norske utvandringa til Amerika begynte. I foredraget vil Sunde fokusere på korleis det heile starta med den opposjonelle gruppa med kvekarar og haugianarar som drog ut frå Stavanger med skuta Restauration i 1825. Vidare vil han ta føre seg den dramatiske overfarten og dei store vanskane for dei 53 personane etter at dei 9. oktober kom fram til i New York og til dei tre veker seinare kom fram til settlementet Kendall ved Eriesjøen. Der hadde organisatoren bak utfarten, Cleng Peerson, kjøpt land til dei. Han vil også få ein noko sentral plass i foredraget sidan han organiserte utferda i 1825 og blir rekna som far til den norske utvandringa.
Med hjelp av diagram viser og forklarar Sunde korleis og kvifor utvandringa gjekk i bølgjer fram til ca.1930 og var så ulik frå dei ymse distrikta i landet vårt.
Rasmus Sunde (1944) er ein norsk historikar og forfattar med doktorgrad i migrasjonshistorie.
Vel møtt på Sogn Folkemuseum 11.6. kl. 18.00.
Ikkjemedlemmer betalar kr. 150.
For styret i Senioruniversitetet i Sogn, Ingrid Syse, leiar

Adresse

Kaupanger

Telefon

+4748032970

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Senioruniversitetet i Sogn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Senioruniversitetet i Sogn:

Del