Leven- Nordhordland rockeklubb

Leven- Nordhordland rockeklubb Me skaper rock og Leven i Nordhordland.

23/04/2026

Laurdag 23. mai er Meieriet Frekhaug staden å vera!
Då kjem Strange Horizon til Leven – Nordhordland rockeklubb.

Her er eit klipp av “Vacant” live frå Hulen, filma av Christian Indregard.
Vil du ha meir, finn du dei på YouTube, Bandcamp og Spotify.

Me ses 23. mai!
🎟️ Billettar er i sal no.

🎼Laurdag hadde me open scene på Meieriet Frekhaug, og for ein kveld! Open scene handlar om meir enn musikk. Det handlar ...
22/04/2026

🎼Laurdag hadde me open scene på Meieriet Frekhaug, og for ein kveld!

Open scene handlar om meir enn musikk. Det handlar om å gi folk i nærmiljøet ein stad å utvikla seg, visa seg fram og oppleva levande kultur – utan at det kostar dei noko anna enn mot til å stilla opp.

På laurdag var det nok ein kveld som bevis at dette tilbodet betyr noko. God stemning, engasjert publikum, artistar som løfta kvarandre.
Takk til RUNƎYRA, Hysteria og alle andre!
Me er takksame for alle som kom å gjorda kvelden fantastisk!

I morgon torsdag 23. april kjem Masheena til Meieriet Frekhaug – rett før dei dreg ut på turné i utlandet med nytt album...
22/04/2026

I morgon torsdag 23. april kjem Masheena til Meieriet Frekhaug – rett før dei dreg ut på turné i utlandet med nytt album. Halve bandet kjem frå Hjelmås, og no spelar dei på heimebane.

Support: Viola Intenso!
Viola Intenso består av fire unge gutar frå Alver området som er veldig glad i rock og metall musikk. Dei jobbar akkurat no med eige musikk!

Konserten er gratis – eit lågterskel tilbod for ungdom som er nysgjerrige på musikk, eller berre vil oppleve noko kjekt saman med andre.
Kanskje det kan vere starten på eiga interesse for band og musikk?

Dørene opnar kl. 19:30.
Meir info: https://fb.me/e/5QC4erIMG

Laurdag 23. mai kjem Strange Horizon til Leven – Nordhordland rockeklubb.Dette er ikkje polert eller lettbeint. Strange ...
21/04/2026

Laurdag 23. mai kjem Strange Horizon til Leven – Nordhordland rockeklubb.
Dette er ikkje polert eller lettbeint. Strange Horizon spelar doom metal slik det skal låte: tungt, sakte og med røter tilbake til Black Sabbath. Som powertrio hentar dei inspirasjon frå fleire greiner av sjangeren – frå klassisk doom til hint av black metal, seig thrash og rå punkenergi.

Meir på Facebook eventet her: https://fb.me/e/6LppfEIsZ

Onsdag kl. 14- 17 er me i gymsalen på vaksenopplæringen i Knarvik med Leven UNG etterskuletid! Me riggar til scena, sett...
20/04/2026

Onsdag kl. 14- 17 er me i gymsalen på vaksenopplæringen i Knarvik med Leven UNG etterskuletid! Me riggar til scena, sett fram brettspel, kreativt verkstad og servarar pizzaboller. Velkomne innom!

Torsdag 23. april kjem Masheena til Meieriet Frekhaug – rett før dei dreg ut på turné i utlandet med nytt album. Halve b...
19/04/2026

Torsdag 23. april kjem Masheena til Meieriet Frekhaug – rett før dei dreg ut på turné i utlandet med nytt album. Halve bandet kjem frå Hjelmås, og no spelar dei på heimebane.

Konserten er gratis – eit lågterskel tilbod for ungdom som er nysgjerrige på musikk, eller berre vil oppleve noko kjekt saman med andre.
Kanskje det kan vere starten på eiga interesse for band og musikk?

Dørene opnar kl. 19:30.

Torsdag 23. april- kjem dei til Frekhaug. Sjekk ut videoen til Masheena - Riffy på youtube!
18/04/2026

Torsdag 23. april- kjem dei til Frekhaug.
Sjekk ut videoen til Masheena - Riffy på youtube!

Filmed, directed and edited by El ProfesorSome bands have that song—the one that captures the things happening during recording. The classic example is Smoke...

Adresse

Isdalstø
5914

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Leven- Nordhordland rockeklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Leven- Nordhordland rockeklubb:

Del