25/06/2026
Vi gratulerer Nasjonalforeningen Øystre Slidre Helselag med prisen.
Øystre Slidre Helselag er vinner av kommunens frivilligpris 2026 🤩
Grunngjeving for tildelingen;
Øystre Slidre helselag har gjennom meir enn hundre år vore ein sentral aktør i lokalsamfunnet og ein berebjelke i det frivillige arbeidet i kommunen. Gjennom sitt engasjement arbeider laget for god folkehelse, trivsel og gode opplevingar i kvardagen for menneske i alle aldrar.
Med eit breitt spekter av aktivitetar – frå tilbod for barn og unge til sosiale møteplassar for eldre – skapar helselaget inkluderande arenaer der deltaking og fellesskap står i sentrum. Dei bidreg med alt frå aktivitetar i skule og barnehage til turar, møteplassar og tiltak som fremjar både fysisk og psykisk helse.
Laget er ein viktig pådrivar for engasjement i viktige saker som folkehelse og demens, og syner gjennom sitt arbeid eit sterkt samfunnsansvar. Samstundes er dei ein synleg og positiv samarbeidspart for både kommune, skulane og andre organisasjonar.