21/06/2026
Vær helsa, kjære publikum!
Eg elsker spel. Verkeleg. I ei tid der mykje trekkjer oss kvar vår veg, er det verdifullt å samlast rundt noko større enn oss sjølve. Rundt ei forteljing. Rundt ein stad. Rundt eit fellesskap.
Det er noko heilt fantastisk med samhaldet, frivilligheita, hjelpsamheita og korleis sjølv den minste brikka i maskineriet er av avgjerande betydning. Kvar einaste person tel. Kvar einaste innsats betyr noko.
Og tenk at vi, på berre tre små veker, kan tromme saman noko så stort og flott som dette. Det gjer inntrykk på meg, og eg er oppriktig stolt av det vi har fått til saman.
Noko av det finaste med å arbeide med spel er barna. Som ein som sjølv vaks opp på barneteateret, er det rørande å sjå den same spelgleda som eg kjende då eg var liten. Å sjå barn tre inn i teaterets magiske univers, der tresverd blir ekte sverd, der ein kappe kan gjere deg til konge, og der fantasien for ei stund gjer det heile ekte, er spelets verkelege kraft.
I år har vi også med oss to fantastiske profesjonelle skodespelarar i Morten Svartveit og Jonas Hoff Oftebro, og dei har bydd på seg sjølve langt utover det ein kan forvente. Og dei står side om side med amatørar som spelar så det gnistrar. Nettopp dette er noko av det som gjer spel så unikt. Her møtest erfaring og entusiasme, profesjonelle og frivillige, og unge og gamle, i eit felles løft.
Få stader eignar seg betre for dette enn Giske.
For Giske er ikkje berre ein vakker stad. Det er ein av dei mest historisk betydningsfulle stadene i landet vårt. Her finn vi spor etter menneske som var med på å forme Noreg slik vi kjenner det. Historiene vi fortel her ute er ikkje berre lokale forteljingar. Dei er ein del av vår felles historie.
I årets spel møter vi Arnungane på Giske i ei tid då landet står ved eit vegskilje. Torberg Arnesson drøymer om fred, men blir dregen mellom lojaliteten til kong Olav Haraldsson og bandet til svigerfaren Erling Skjalgsson, den mektigaste hersen i landet. Midt i dette står Ragnhild Erlingsdotter, Torbergs ektefelle, som må halde familien samla medan kreftene rundt dei trugar med å rive både landet og slekta frå kvarandre.
Difor handlar Giskespelet om meir enn underhaldning. Det handlar om å halde saman. Om å halde historia levande. Om å løfte fram menneska som kom før oss. Om å ta vare på den felles kulturarven vår og gi han vidare til nye generasjonar. Om tru og håp, og om at kjærleiken til alle tider har vore det største av alt.
Takk til alle som har bidrege. Til ildsjelar, sponsorar, skodespelarar, musikarar, frivillige, teknikarar, kostymefolk, til born, ungdom og vaksne, til foreldre og besteforeldre, og til alle andre som har vore med på å gjere dette mogleg.
Og takk til dykk som kjem for å oppleve det.
Velkomen til Giskespelet 2026.
Rolf Kristian Larsen
Regissør