Fresvik 4H klubb

Nettsted

Fresvik 4H klubb Fresvik 4H klubb er ein klubb med fokus på sosiale, aktive og morosame fritidsaktivitetar for born og ungdom. Bli med på kjekke turar og aktiviteter.

Dei lærer ved å gjere og utvikla sine hobbyar i fellesskap med andre. Alle er hjarteleg velkomne🍀

17/06/2026

Klubben har 10 stk hengekøye til utlån, om nokon har lyst å prøva seg på overnatting i hengekøye😊

Berre å ta kontakt😊

Fresvik 4H-klubb har kjøpt inn to nye bord med benker frå Vik fengsel/Prisonmade.Takk for godt utført arbeid. Takk til S...
15/06/2026

Fresvik 4H-klubb har kjøpt inn to nye bord med benker frå Vik fengsel/Prisonmade.
Takk for godt utført arbeid.
Takk til Stokkebø maskin for frakt ifrå Vik til Skard og takk til tilsette ved Fresvik produkt med hjelp til avlessing av borda.
Skikkeleg samarbeid!
Desse borda er tiltenkt allmen bruk, så ta godt vare på dei!
Vippsnummer om ein vil støtte Fresvik 4H- klubb heng inne i grillhytta.
Mvh Fresvik 4H klubb

14.06.2026Medlemmane med foreldre har gjennomførd den årlege vaskedugnaden i grillhytta i Skard. Det blei både vask og r...
14/06/2026

14.06.2026
Medlemmane med foreldre har gjennomførd den årlege vaskedugnaden i grillhytta i Skard. Det blei både vask og rydding av hytta og vask av nokon ungar etterpå🏊‍♂️😂 Me avslutta som vanleg med grilling av burger og lappar med syltetøy.
Klubben har kjøpt inn to nye bord som vil bli plassert ut i løpet av kort tid.
Det er også hengt opp vipps plakat i hytta om det er nokon som har lyst å sponsa klubben vår🍀😊
Håpa folk får ein fin sommar🌞

6-7. Mars hadde 4H klubben overnatting i skihytta i Skard. Me reiste opp fredag kveld og hadde felles kveldsmat og spela...
10/03/2026

6-7. Mars hadde 4H klubben overnatting i skihytta i Skard. Me reiste opp fredag kveld og hadde felles kveldsmat og spela spel og kosa oss. Totalt 19 stk deltok og 12 stk overnatta i hytta. Laurdag starta me dagen med felles frukost før me rydda ut av hytta. Det blei leik og aktivitet rundt grillhytta og me laga lunsj på bålpanna før me reiste heim. Ein kjekk tur for store og små🤩

11/10/2025
Laurdag 14 juni hadde me 4H-dag på kaien, med ulike aktivitetar, loddsal, kakelotteri og sal av grillmat og kaker. Takk ...
15/06/2025

Laurdag 14 juni hadde me 4H-dag på kaien, med ulike aktivitetar, loddsal, kakelotteri og sal av grillmat og kaker. Takk til dei som møtte opp og støtta oss🍀😊

26.01.2024I dag starta Fresvik 4H klubb det nye 4h-året med grilling for medlemmar, nye medlemmar og foreldre, i grillhy...
26/01/2025

26.01.2024
I dag starta Fresvik 4H klubb det nye 4h-året med grilling for medlemmar, nye medlemmar og foreldre, i grillhytta vår i Skard. Det vart gjennomgang av årsplan og snakka litt om kva me ynskjer å gjera dette året og det skal nok bli eit veldig kjekt år med kjekke aktivitetar.
Om det er fleire som ynskjer å bli med oss så blir me veldig glade for det🍀😊

Adresse

Fresvik
6896

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fresvik 4H klubb legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del