Drivkraft.no

Drivkraft.no Målet med Drivkraft er å vere ein pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.

02/04/2026

Oj! 152 søknader! 🙊🙉😀🥰
Fristen for å søke Drivkraft‑stipenda har no gått ut, og responsen har vore over all forventing.
Rett over påske startar juryarbeidet. Vi gler oss til å sjå nærare på alle dei spennande idéane og vekstprosjekta frå heile Sogn og Fjordane.
Tusen takk til de som har meldt dykk - og riktig god påske til alle! 🐣 (🗿- 🏝️) 🐣

19/03/2026

Simen Staalnacke sit i juryen som skal vurdere alle dei spennande søknadane til Drivkraftstipendet og Spirestipendet. Om vil ha vind i segla - søk stipend innan 31. mars 🤩 Meir info finn du på drivkraft.no

Stiftinga Drivkraft er oppretta av SpareBank 1 Sogn og Fjordane & Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Juryen er klar! 🤓Gjennom Drivkraftstipendet og Spirestipendet deler vi ut 2 millionar kroner til gründerar og bedrifter ...
17/03/2026

Juryen er klar! 🤓

Gjennom Drivkraftstipendet og Spirestipendet deler vi ut 2 millionar kroner til gründerar og bedrifter i Sogn og Fjordane som vil skape vekst, utvikling og nye moglegheiter i regionen.
For å vurdere søknadane har vi samla ei sterk jury med brei erfaring frå næringsliv, entreprenørskap og innovasjon.

Møt juryen:
⭐️ Børge Dvergsdal
⭐️ Linn Therese Nekkøy
⭐️ Simen Staalnacke
⭐️ Ingvill Hestenes
⭐️ Kjetil Kvåle

Les meir og søk på drivkraft.no

Eit stort HURRA for alle ungdommane frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord som deltok i Fylkesmeisterskapen for Ungdomsbedrift...
12/03/2026

Eit stort HURRA for alle ungdommane frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord som deltok i Fylkesmeisterskapen for Ungdomsbedrifter i Førde i dag, der heile 28 ungdomsbedrifter deltok!

Gratulerer litt ekstra til dei ferske fylkesmeistrane i Brunova UB frå Stryn vgs. Dei får æra a å representere Vestland i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i april. Drivkraft-sjef Alfred sat i juryen som plukka ut Beste Ungdomsbedrift.

Men mest av alt: Alle ungdommane som var med i dag, får gjennom å drive med ungdomsbedrift med seg heilt unike erfaringar og læring som dei vil ha glede av resten av livet.
Håper endå fleire skular og lærarar ser potensialet i å satse på ungdomsbedrifter og entrepenørskap. Dette er i Stiftinga Drivkraft si ånd!

02/03/2026

Alfred har laga sin eigen saccosekk 🤩
Terningkast 10! 🎲🔥

Sogn og Fjordane er ikkje berre spektakulære fjordar og vill natur. Her finn du også eit vanvittig rikt næringsliv – med rå bedrifter som gjer ting annleis og betre for planeten 🌍✨

Eit av dei beste døma? Innvik As – heilt inst i Nordfjord.

Tekstilbedrifta har over 130 års historie, men er alt anna enn gammaldags. Dei er i dag ein av Skandinavias leiande produsentar av høgkvalitets møbeltekstilar, brukt av arkitektar og industrikundar i Europa, Asia og USA.

Og ja – den legendariske saccosekken blir produsert her 🇳🇴🛋️
Mellom 10 000 og 15 000 kvart einaste år.

Det som verkeleg imponerar: Produksjonen er nesten CO₂-fri. Dei brukar bioenergi i staden for fossile oljer, straumen kjem frå lokal vasskraft, og energien til oppvarming og produksjon kjem frå bioavfall. Det er industri med både kvalitet, design og framtid i same pakke 🌱

Bedrifter som Innvik skaper arbeidsplassar, kompetanse og ringverknader i heile regionen. Dei viser at lokal industri kan setje standarden – ikkje berre følgje etter.

Det er slik vi byggjer framtida i Sogn og Fjordane. Med ekte drivkraft. 💚

26/02/2026

No deler Drivkraft ut 2 millionar kroner i stipend til gründerar og verksemder i Sogn og Fjordane.

Fordi gode idéar treng meir enn applaus.

Dei treng kapital 💰
Dei treng nettverk 🤝
Dei treng fart ⚡

✔️ Inntil 500 000 kr i Drivkraft-stipendet 🚀
✔️ 100 000 kr i Spire-stipendet 🌱

Er du klar for neste steg?

Les meir og søk her:
drivkraft.no/stipendordningar

Dei som trur på torsken 🐟 HavlandÅ vere gründer krev ein heilt spesiell kombinasjon av utålmodigheit og tålmodigheit. Du...
24/02/2026

Dei som trur på torsken 🐟 Havland

Å vere gründer krev ein heilt spesiell kombinasjon av utålmodigheit og tålmodigheit. Du må tenkje stort og langsiktig – og samtidig ha stålkontroll på det praktiske arbeidet, dag for dag.

Alt dette finn vi hos familien Igland i Florø. Med pater familias Oddgeir Igland i spissen har dei gjennom 25 år bygd opp Havland til å bli det leiande selskapet i Noreg på avl av torsk (yngel og settefisk). Dei har levert verdas første 50 tonn fullvaksen mattorsk frå eit landbasert anlegg – og no står dei klare til å realisere verdas største anlegg for landbasert torskeproduksjon.

Visjonen? At torsken igjen skal bli ei av Noregs fremste eksportvarer. Ei framtid bygd på oppdrett i lukka system – både på land og i sjø.

Stayer-evna dei har vist gjennom 25 år er nesten ubegripleg. Trua på torskeoppdrett har gått i bølgjedalar, både politisk og finansielt. Likevel har dei halde kursen. Og no ser vi at dei hadde rett.

No er neste generasjon Igland – Oda og Bjørn Inge – på plass på dekk i Havland-skuta. Dei skal gjere 25 år gamle draumar til røyndom.

Kva er hemmelegheita?

Sterk lokal forankring. Gode partnarar med tung industrikompetanse på oljebasen i Florø – som no er i full gang med å omstille seg for framtida, mellom anna med store areal sett av til landbasert oppdrett. Og ei heilt unik “stamme” av tilsette – like unik som stammen av torsk – som gjer Havland nær umogleg å kopiere når det gjeld kunnskap om torskeavl.

Målet med Drivkraft er å få fleire bedrifter til å vekse og ta ut potensialet sitt i Sogn og Fjordane. Havland er eit stjerneeksempel på kva som er mogleg når kapital, kompetanse og nettverk får jobbe saman over tid.

Og dei er framleis berre så vidt i gang.

Vi heiar på torsken.
Og vi heiar på Havland. 💙

📸 Solfure Content Studio

22/02/2026

DETTE er cirka så GIRA vi blei av å få Drivkraft-bilen foliert hos dyktige Fluor-Lux AS i Stryn!! 🤩🙌🏻 Kva syns de? Blei den ikkje flott?? 😃🥳🕺

Linda Gytri på Gryta Camping i Oldedalen inviterte Drivkraft på ein god prat med noko attåt: havregraut og isbad. Det hø...
20/02/2026

Linda Gytri på Gryta Camping i Oldedalen inviterte Drivkraft på ein god prat med noko attåt: havregraut og isbad. Det høyrest enkelt ut. Jordnært. Nesten stillferdig.

Men det som møtte oss, var ei eksplosjon av fargar.

Eit frukostbord som bugna av alt anna enn grå havregraut. Skåler med bær, nøtter, honning, saft – lag på lag med omsorg og skaparglede. Midt i det heile: Linda Gytri. Utdanna musikar. Med sans for rytme, stemning og detaljar.

Vegen hennar kunne ha gått langt. Men han gjekk heim.

Heim til odelsgarden. Heim til Oldedalen. Heim til det far hennar, Dagfinn hadde bygd opp – ikkje berre med idéar og draumar, men med eigne hender. Han planerte heile campingplassen sjølv, i si eiga gravemaskin. Stein for stein. Meter for meter. Frå geitegard til campingplass.

Linda tok arven vidare – og gjorde han til sin. Ho la til fargar. Identitet. Eit uttrykk som speglar både den mektige naturen rundt og varmen i menneska som kjem hit for å puste.

Pilene har sidan peikt oppover.

Gryta Camping er kåra til den vakraste campingplassen i Noreg. Ei anerkjenning som heng høgt – og som seier noko om kvalitet, heilskap og motet til å satse.

Men for oss handlar det om meir enn prisar.

Det handlar om stoltheit og tilhøyring.
Å høyre til.
Heime.

Stoltheit over at unge menneske flyttar heim og utviklar vidare det generasjonane før har bygd. Stoltheit over den mektige naturen vi får vere ein del av. Stoltheit over ekte folk med ekte driv. Og over framtidsoptimismen som ligg i tjukke lag mellom geitost og juice frå Loen.

Midt mellom havregraut og isbad finn vi noko større:

Ei forteljing om å velje heim.
Om å ta vare på arven – og samstundes skape noko nytt.
Om å gi fargar til det som kunne vore grått.

Dette er drivkraft i praksis. 💛



Tekst og foto: Solfure Content Studio

18/02/2026

Vi er i gang – og det betyr éin ting:
Vi er ute på vegen. 🚗

I oppstarten av Drivkraft brukar vi tida der ho betyr mest: ute hos bedriftene, i møte med gründerar, vekstselskap og samarbeidspartnarar rundt om i Sogn og Fjordane.
Vi skal vere nær. Vi skal lytte. Vi skal forstå kva som skal til for å skape fart og vekst – på ordentleg.

No køyrer vi. 💥

Følg oss gjerne på Facebook, Insta og LinkedIn for å få med deg alt det spennande vi driv med! 🤓

16/02/2026

Det er måndag, og vi kjenner det kriblar litt ekstra når ei ny veke ligg framfor oss. Kaffikoppen er med, bilen er pakka, og kalenderen er fylt med møte rundt om i Sogn og Fjordane ☕🚗

Vi skal møte folk som vil noko. Folk som jobbar med idéar dei trur på, prosjekt dei har brukt kveldane sine på, og verksemder som er klare for neste steg. Det er der vi trivst best – ute, tett på, i samtalar som handlar om moglegheiter, risiko og vekst.

Ei ny veke på vegen betyr nye perspektiv, nye samarbeid og kanskje starten på noko som kan bli stort.

Vi gler oss. 🚀

10/02/2026

Drivkraft vil samarbeide med alle gode krefter som vil få fart på næringslivet i Sogn og Fjordane 🚀

Har du idear, innspel eller forslag?
Ta kontakt – vi vil høyre 💬🤝

Adresse

Peak Sunnfjord
Fords
6814

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Drivkraft.no legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del