14/06/2026
Det var historien om A-lagets tur til Årdal⚽️
Årdal 2 – Eikefjord IL 3–3
«Ventar ein på noko godt, ventar ein ikkje forgjeves», er det eit klokt menneske som ein gong i tida har uttalt. Dette kunne vore sagt om svelene til Fjord1 på ferda til Årdal, over frå Mannheller til Fodnes, men det er diverre ikkje tilfellet, då desse har ein bismak grunna at ein nær gjer seg personleg konkurs om ein fell for freistinga. Sitatet er tenkt for den som har venta på dette referatet. Skribenten har den siste tida måtta liggje lågt av personlege årsaker. Positive tilbakemeldingar på kreativ pennføring har blitt for mykje. Etter lange dagar med autograf- og referatsignering ved Eikefjord Handel sa kroppen stopp. Av den grunn kjem referatet seint, men godt.
Troppen som reiste til Årdal, er sterk, trass i nokre føresette forfall til denne kampen. Forfalla kjem som følgje av at Torbjørn Endestad fekk sitt ja hjå Kine Renate Bortne denne helga. Vi gratulerer! Til stades i feiringa av kjærleiken dei imellom var nokre på invitasjonslista. Andre stilte opp i bar- og kjøkkenteneste med lovnad om at Torbjørn skal gjere comeback for Eikefjord til haustsesongen. Som ein veit, er det ikkje noko som heiter «ein gratis lunsj», og klokka 01.37 natt til søndag fekk også Eikefjord sitt etterlengta «ja» frå Torbjørn. Tårevått både frå brur, Eikefjord sine trufaste supporterar og medspelarar. Med 2,7 i promille, rusa både på kjærleik og anna stimulerande, har Torbjørn re-signert for A-laget og er klar for fotball igjen. «I heile vår har det kribla både her og der.» Skribenten tolkar dette hen til at det har kribla i bein(a), med den hensikt at fotballen har vore eit sakn. Kriblingar andre stader spekulerer vi ikkje i.
Dei fleste i gjengen kjem seg trygt over med ferja med lommeboka i behald. Unntaket er Børge, som igjen ikkje kunne motstå rykande fersk svele med eit prispåslag på opptil 700 %, idet han unødig måtte parkere rett ved utløpet av ventilasjonsanlegget. Med ei skammeleg overprisa svele halvvegs fortært kom vi til Årdalstangen, nærare bestemt Cuba Stadion. Døypt og finansiert av Fidel Castro på 1950-talet. Det siste er kødd. Men Gud veit kvifor ein stadion på Årdalstangen heiter Cuba Stadion. Det finst sikkert ei ulogisk forklaring på det. For dei som har vore her tidlegare, veit ein at kampen skal spelast på naturgras, i motsetning til plastgras, som vi er vane med. Bana er til dei grader strøken. Ei fantastisk matte som følgje av rikeleg med nedbør, rett mengd sollys og passeleg utslepp frå eit nærliggjande aluminiumsverk.
Til kampen. Eikefjord startar elendig. Etter 20 minutt står det 2–0 til Årdal. Var det mangel på energi? Er det faktisk ein grunn til at svelene kostar fire fingrar, ei nyre og ein legg? Er det strategisk samarbeid mellom Årdal og Fjord1 for at bortelaga skal kome med låge glykogenlager i mangel på midlar til å kjøpe seg svele? Dette er nok spørsmål mange stilte seg i det Årdal stort sett styrte det som skjedde på bana i første omgang. Før pause får likevel Eikefjord ei redusering, der hurtighingsten Isak er iskald aleine med keeper. 2–1.
Det er Børge som leiar laget mot Årdal, medan Håvard parallelt sit i forhandlingar med Kine Renate i etterkant av vigslinga om kva som skal til for at Torbjørn skal få lov til spele fotball igjen. Børge ser at det må gjerast endringar, og Erling er med på notane. Opp dreg Erling eit par sko med stålknottar, eldre enn enkelte på laget, som skal skremme både han sjølv og Årdal med betre feste. Det er òg verdt å nemne at fleire hadde skaffa seg nytt fottøy til kampen. Lars er eit klassisk eksempel på «don’t judge a book by its cover»: I jobbkvardagen er han stort sett innsøla i motorolje, men på fotballbana stiller han sjølvsagt med rosa fotballsko.
Andre omgang er jamn. Likevel er det Årdal som aukar leiinga til 3–1. Heldigvis har vi eit ess i ermet. Inn kjem debutant Thomas Rongsø. Florø sin A-lagstrenar, son av Terje og skapfjording. Med blant anna Thomas si tilstadevering aukar vi trykket mot Årdal.
Fortent kjem reduseringa etter strålande forarbeid av William som finn Børge foran mål. 3-2. Utligninga kjem ikkje lenge etter, der Emil H. er lur og tek eit frispark raskt som gir Børge ein god sjanse og fyrar av eit skot. Keeper reddar, men Isak er igjen på rett stad til rett tid og set returen. 3–3.
Resten av kampen blir omtala som hawaiifotball. Hawaiifotball på Cuba Stadion. Jau. På ein måte gir det meining, uavhengig av om det er snakk om ei militær konflikt eller ein fotballkamp på amatørnivå. Sjølv om det er vi som krigar oss inn i kampen igjen, er Årdal på ingen måte sluttkøyrde. Spesielt ein fysisk spiss hjå Årdal skulle bli ein handfull for forsvaret å bryne seg på. Til tider blei det i overkant og til dels komisk mykje nærkontakt mellom spissen og Jakob. «Eg er no blitt van med kos, klem og liknande ettersom vi har skåra fleire mål i det siste. For meg var det heilt greitt og faktisk litt godt med ekstra nærkontakt gjennom kampen», seier Jakob etter kampslutt. Kampen enda uavgjort, 3–3.
Det blir med det eine poenget i dag, men alt i alt er vi nøgde med det. Vi takkar så mykje til Årdal og dommarane for kampen. No står det att ei siste styrkeprøve i å motstå svelene nok ein gong på returen. Børge hadde, etter sveleskamma på veg inn, lagt ein konkret plan om å demonstrere sveleopprør. På biletet kan de sjå talet på sveler vi fekk kjøpt på Coop Extra Kaupanger for summen av ei ferjesvele. Neste helg, søndag, avsluttar Eikefjord vårsesongen heime mot Vik før gutane tek ein velfortent sommarferie. Både på bana og bak tastaturet.
På gjensyn!
Desse møtte:
Vithusan Vithiyananthan
Jakob Guddal
Erling Austreim
Lars Terøy
Jonas Hovland
William Aarseth Kjellevold
Pravin Parameswaran
Asbjørn Due
Andreas Sundal
Emil Hallstensen
Isak Hillersøy
Thomas Rongsø
Emil Sæterlid
Vetle Grønsberg
Kent Marius Solheim
Børge Langedal