Skigruppa i Fjaler

Skigruppa i Fjaler Skigruppa i Fjaler er eit samarbeid mellom Dale IL og Svint IL.

Nytrakka løyper i dag. Bra med snø, fine forhold både i lysløypa og innover fjellet❄️⛅️
06/04/2026

Nytrakka løyper i dag. Bra med snø, fine forhold både i lysløypa og innover fjellet❄️⛅️

God morgon! Værgudane har jobba godt i natt, og vi fekk nok snø til å køyre litt løyper. Lysløypa og vesle rundløypa er ...
02/04/2026

God morgon!
Værgudane har jobba godt i natt, og vi fekk nok snø til å køyre litt løyper. Lysløypa og vesle rundløypa er køyrt med snøscooter, men det er opne elvar. Trakkemaskina har trakka skispor frå skihytta via Stensethytta og skogsvegen til Magne. Eigentleg fine forhold i fjellet❄️🐣

God påsketur til alle✨

01/04/2026

Hei folkens❄️
Påskesnøen let vente på seg i låglandet, men det har kome litt kvitt i Norddalen. Derfor vil vi prøve oss opp i morgon tidleg og sjå om det er mogeleg å køyre opp skiløyper. Vi held dykk oppdatert på status.

Ynskjer alle ei god påske🐣

Det er meldt fint til helga, dessverre er det ikkje grunnlag nok til å trakke løyper.. Vi håpar på meir snø snart ❄️
27/02/2026

Det er meldt fint til helga, dessverre er det ikkje grunnlag nok til å trakke løyper.. Vi håpar på meir snø snart ❄️

God morgon og god vinterferie til alle som har det❄️Vi har vore heldige å få litt snø dei siste døgna, så trakkemaskina ...
19/02/2026

God morgon og god vinterferie til alle som har det❄️
Vi har vore heldige å få litt snø dei siste døgna, så trakkemaskina har vore i gong. Det er trakka spor i lysløypa, stortsett fine forhold men noko isete nokre plassar.
Elles er det trakka spor i vesle rundløypa. Innover fjellet er det litt for tynt med snø til å trakke vidare løyper, men går fint å gå innover på ski🎿

Ynskjer alle ein fin dag ute i snøen✨

Hei alle skiglade🎿 I dag har vi vore 6 menn og damer frå alderen 3-70 år i drift i Norddalen for å planere løypene og la...
17/01/2026

Hei alle skiglade🎿 I dag har vi vore 6 menn og damer frå alderen 3-70 år i drift i Norddalen for å planere løypene og lage klart for minusgradene som skal få fryse sole, slik at vi kan lage fine skispor når det kjem litt meir snø.
Vi har glatta lysløypa med scooter og trakkemaskin, samt oppover fjellet mot Skjellvassheia, den vesle rundløypa og ut skogsvegen forbi Stenset-hytta. Det er tynt med snø både i lysløypa og i fjellet endå, men betre jo høgare opp du kjem.
Om du ynskjer å støtte arbeidet vi gjer vipps oss gjerne på 504611.

Vi treng litt meir snø for å lage gode skispor, men det er fantastisk i fjellheimen lell❄️🏔️🌤️ God tur!

Det er nydeleg på fjellet i dag. Den nye snøscooteren har prøvd seg nokre plassar, men det er framleis for mange opne be...
02/01/2026

Det er nydeleg på fjellet i dag.
Den nye snøscooteren har prøvd seg nokre plassar, men det er framleis for mange opne bekkar og for lite snø til at maskinane kan lage løyper i terrenget.
Da det er køyrt med scooter i lysløypa.
Vi anbefaler å ta fjellskia fatt og komme seg opp i sola!

Takk for støtta! 🙏❄️Skigruppa i Fjaler vil rette ei stor takk til Sparebankstiftinga Fjaler for midlar til kjøp av snøsc...
18/06/2025

Takk for støtta! 🙏❄️

Skigruppa i Fjaler vil rette ei stor takk til Sparebankstiftinga Fjaler for midlar til kjøp av snøscooter med skaphengar. Dette gjer det langt enklare å frakte utstyret til mellom anna Flekke og Dale, og gjev oss mykje meir fleksibilitet i løypekøyringa! 🛷⛷️

Vi takkar også MK Myklebust Entreprenør for lån av bil til å hente scooteren – det sette vi stor pris på! 🚙

I tillegg har vi fått støtte til nye belter til trakkemaskina, som no er bestilt og klare for montering før vinteren. 🔧

Vi er svært takksame – og ser fram til ein snørik og aktiv vinter! 🎿❄️

Hjarteleg takk frå alle oss i Skigruppa i Fjaler!
- Marte, Jarle, Caroline, Svein Ove, Ragnhild, Svein Magne og Are Morten -

Saman med Svint IL arrangerte vi idag ein vellukka skikarusell for ein heil haug med folk 🤩👏🏼❄️ Vi vil lage til fleire r...
05/01/2025

Saman med Svint IL arrangerte vi idag ein vellukka skikarusell for ein heil haug med folk 🤩👏🏼❄️ Vi vil lage til fleire renn i Norddalen i løpet av sesongen og gler oss allereie!

04/01/2025

God kveld! Vi har idag forsøkt å køyre opp løyper i Norddalen med både scooter og trakkemaskin utan hell, då det er veldig bløtt under snøen og opne elvar, men om ein vil gå innover fjellet på ski er det mogleg likavel.
Lysløypa er glatta og laga skispor i, men det er varierande forhald.
Vi skulle gjerne trakka løyper både på Steiabøen og i Flekke også, men det same gjeld der. Med litt vått i snøen vil vi etterkvart få ein god sole til å køyre meir løyper framover⛷️❄️

03/01/2025

Hei alle skiglade, og godt nytt år!
Vi reknar med det er litt spørsmål om snøforhold og løyper i Norddalen no når snøen har dala ned❄️ Dessverre er det framleis litt for lite snø til å trakke løyper, men trakkemaskina laga ein enkel sole i lysløypa torsdag kveld, men ingen skispor. Målet er å lage eit grunnlag for vidare løypekøyring.
Truleg blir det køyrt eit par runder med snøscooter i morgon formiddag om forholda tillet det. Vi kjem tilbake med oppdatering etterkvart⛷️

Adresse

Norddalen
Fjaler
6963

Telefon

+4797488660

Nettsted

,+6963+Dale+i+Sunnfjord/@61.3307785,5.5043825,14z/data=!4m2!3m1!1s0x4617d1

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skigruppa i Fjaler legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del