05/01/2026
NYTT KURS I VINTER:
Me set opp kurs i hedebosaum frå onsdag 25.februar. Kurslærar er Karin Bøe.
Dette er eit 12 timars kurs, fordelt på fire kveldar.
Kl 18-21.
Elles har me tre fulle kurs som går utover vinter/vår; fullføre dalebukse-kurs, skjortekurs, og kurs i rundtrøye til herre😊
Påmeldingsfrist til kurs i hedebosaum er 20.januar. Påmelding gjerast til anten mail: [email protected] eller telefon: 951 72 235.
Kursavgiften er 40,-/time for medlemmar og 70,-/time for ikkje-medlemmar. Utgifter til materiell kjem i tillegg.
Håper å sjå deg på kurs😊
Dersom fleire påmeldte enn plassar, vil me etter påmeldingfristen foreta trekning. Då har medlemmar i Bykle husflidslag fyrsterett på plass, deretter medlemmer i Fjellgardane husflidslag, så medlemmer i andre husflidslag, og tilslutt dei utan medlemskap.
Ønsker du å bli medlem? Følg lenken, og velg Bykle husflidslag som ditt lokallag:
Norges Husflidslag er for deg som liker å skape med hendene. Lær noe nytt eller fordyp deg i et håndverk i fellesskap med andre. Vi tilbyr aktiviteter og faglig påfyll for nye og erfarne utøvere, barn og ungdom, og profesjonelle husflidhåndverkere. Som medlem i Norges Husflidslag støtter du a...