25/05/2025
Maimøtet var lagt til STOLT MAT på Sjøholt
Janet Roelofs orienterte om STOLT MAT som ho og ektemaken Gert Roelofs driv saman. I 2022 fikk STOLT MAT Hanens diplom med hederlig omtale i konkurransen "Norges Beste Gårdsmat", kortreist mat fra Møre og Romsdal. I butikken får du kjøpt einerøykt laks/ørret, klippfisk, kje-/hjortekjøt,pølser, mør, ost, egg, honning, sjokolade, sylte, salt, krydder, lefse, kjeks, kaffi, te, flatbrød, mjølprodukter og mykje meir.
Eit unntak frå kortreist er LAKRISEN, den er frå Nederland.
Ekteparet flytta frå Nederland til Norge i 1997. Janet har arbeidd ved Ålesund sjukehus, men no er ho i full jobb ved STOLT MAT. Gert arbeider ved Fylkeshuset i Molde.
Vi vart servert nydeleg Ertepurre m/laks og hakka løk, samt steikt tomat og hakka løk, salat, mais m/dressing.
Og etterpå kom kaffe, kaker, sjokolade og is på bordet.
Nydelig mat og èin kjekk kveld.
Wencke leste «Ord for Dagen» frå boka «Som årene går»