19/05/2026
Tusen takk for ei flott 17. mai-feiring på Bjoa! 🥳🎺🇳🇴🎺🥳
🥳Bjoa Bygdeutviklingslag vil retta ein stor og varm takk til heile den fantastiske 17. mai-komiteen for eit supert opplegg og ei strålande gjennomføring av nasjonaldagen.
Med 17. mai-general Elin Vestbø 👏 i front blei dette ein dag med alt 17. mai skal vera: fellesskap, flagg, leik, drøs, is og moro for alle aldrar. De gav oss både historisk perspektiv og løfta blikket vårt — midt i alt det kjekke som høyrer dagen til.
Me veit at komiteen har lagt ned mykje tid, omtanke og arbeid for å få dagen så vellukka. Det set me skikkeleg stor pris på. Tusen takk til alle som bidrog!
🥳Og ikkje minst: Takk til alle som ville feira dagen saman med oss. Til dykk som gjekk i tog, baka kaker, heiste flagget, heia langs vegen, briljerte med nedgøymde korpsfinessar, deltok i bygdakamp, tok lodd, tømde lapskausgryta, drøste med naboen — til alle som ganske enkelt valde å feira dagen i lag med bygda, både fastbuande og tilreisande.
For ei flott feiring det blei! ❤️