Stolpejakten Lom & Skjåk

Stolpejakten Lom & Skjåk DNT Gudbrandsdalen

🌟 Stolpejakten i Lom opnar 29. mai! 🌟Fredag opnar vi to nye stolpejaktkart i Lom kommune:📍 Lom sentrum – 50 stolpar📍 Dag...
28/05/2026

🌟 Stolpejakten i Lom opnar 29. mai! 🌟

Fredag opnar vi to nye stolpejaktkart i Lom kommune:

📍 Lom sentrum – 50 stolpar
📍 Dagsturhytta Lom/Garmo – 30 stolpar

Stolpejakten er gratis å vere med på og byr på varierte turmål for både små og store 😊
Last ned Stolpejakt-appen for tilgang til kart, poenglister og registrering av stolpar – og bli med du også!

Vanskegrad på stolpane:
🟢 Grøn – enkle å finne og ligg langs veg. Passar godt for rullestol og barnevogn
🔵 Blå – litt meir krevjande, men lette å finne
🔴 Raud – lengre eller brattare turar
⚫ Svart – krevjande å nå eller finne

🚴‍♀️ Det kjem snart to nye kart i Skjåk også!
Nytt av året er eige sykkelkart, med flotte sykkelturar på grusvegar med lite trafikk. Det andre kartet byr på fine fotturar i flott natur 🌿

👏 Ei stor takk til alle dei frivillige som planlegg, legg til rette og set ut stolpane! De gjev eit fantastisk bidrag til folkehelse, trivsel og gode naturopplevingar for både fastbuande og tilreisande 💚

Vi ynskjer alle mange flotte stolpejaktturar i sommar! ☀️🥾

🌿 1. mai opnar vi nytt stolpejaktkart i Skjåk!Kartet Dagsturhytta Bismo inneheld 16 stolpar:🟢 8 grøne – lette å finne, e...
30/04/2026

🌿 1. mai opnar vi nytt stolpejaktkart i Skjåk!

Kartet Dagsturhytta Bismo inneheld 16 stolpar:
🟢 8 grøne – lette å finne, eigna for rullestol og barnevogn
🔵 4 blå – lett synlege frå sti
🔴 2 raude – litt meir krevjande
⚫ 2 svarte – krevjande å gå til eller finne

👏 Tusen takk til valfag friluftsliv ved Skjåk barne- og ungdomsskule som har planlagt og sett ut stolpane!

📍 I Lom kjem det to nye kart i løpet av sommaren – eitt i Lom sentrum og eitt i Garmo i samband med Dagsturhytta. Målet er å opne desse til Flåklypa Grand Prix 29. mai.

🚴‍♂️ Det kjem også fleire kart i Skjåk! Desse er under planlegging, og det går rykte om eige sykkelkart…

Velkomen ut på tur! 🌄

⛷️ Siste sjanse for stolpejakt på ski!Onsdag 15. april rundar vi av årets stolpejakt på ski – så no er det berre å kome ...
13/04/2026

⛷️ Siste sjanse for stolpejakt på ski!

Onsdag 15. april rundar vi av årets stolpejakt på ski – så no er det berre å kome seg ut på ein siste tur!

Nesten 300 stolpejegerar har trossa både vêr, vind og skiftande skiføre 💪 Til saman har dei scanna stolpane over 4200 gongar – imponerande innsats!

Men fortvil ikkje – stolpejakta held fram utover våren og sommaren 🌿

Neste kart som opnar er Dagsturhytta i Bismo, der valfag friluftsliv stiller som frivillige. Dei planlegg kartet og set ut stolpane, klare til opning 1. mai.

Vi gler oss til ein ny sesong! 🙌

🐣⛷️ Hurra – vi har passert 2000 stolpebesøk! 🎉🏆Dei fine skistolpane i Skjåk er verkeleg godt besøkte, og det er kjekt å ...
31/03/2026

🐣⛷️ Hurra – vi har passert 2000 stolpebesøk! 🎉🏆

Dei fine skistolpane i Skjåk er verkeleg godt besøkte, og det er kjekt å sjå så mykje aktivitet i påskefjellet!

Heile tre ivrige deltakarar har allereie klart bragda med å besøke alle dei 78 stolpane 👏 Imponerande innsats!

Totalt er no 150 personar i gang med stolpejakta – fantastisk!

📸 Har du teke bilete på turen? Del gjerne stolpejakt-bilete i kommentarfeltet – til inspirasjon og glede for andre!

Fortsatt god påske og lukke til vidare med stolpejakta! 🌞🐣

Stolpejakten 2026 er i gang ⛷️ ☀️ ❄️ 🐣
24/03/2026

Stolpejakten 2026 er i gang ⛷️ ☀️ ❄️ 🐣

Vinterversjonen av lågterskeltiltaket Stolpejakten består av heile 78 stolpar.

(Lenke til sak i kommentarfeltet)

🐣 Stolpejakten på ski er i gang! 🎿Ski og stolpejakt – kva ventar du på?Våren er på veg, men det er framleis mogleg å få ...
18/03/2026

🐣 Stolpejakten på ski er i gang! 🎿
Ski og stolpejakt – kva ventar du på?
Våren er på veg, men det er framleis mogleg å få fantastiske skiopplevingar i fjellet. No er det berre å spenne på seg skia og kome seg ut! ☀️
Kartet er åpent til 15. april eller så lenge føret held…

📍 Skikart Skjåk – 55 stolpar
Alle stolpane ligg langs oppkøyrde skiløyper. Følg med på løyper.net for oppdatert løypestatus.
Løypene er køyrde med løypemaskin eller scooter.

Turforslag:
- Grotlirunda (stolpe 1–6): Ca. 4 km rundtur

- Grotlivassrunda (stolpe 7–12): Ca. 5,5 km rundtur – gapahuk ved stolpe 11, perfekt pauseplass

- Mastrunda (stolpe 13–18): Ca. 6,5 km gjennom hyttefelt

- Grotli – Hamsevika (stolpe 19–28 + 53–54): Ca. 8 km ein veg, lett terreng

- Billingen – Nysætre (stolpe 29–35 + 48, 50–51): Ca. 7 km ein veg – noko is/kjøving kan forekome. Parkering og toalett ved stolpe 33

- Åslivegen (41–45 + 52–55): Ca. 6 km ein veg – Heng saman med Billingen - Nysætre og kan bli en fin langtur

- Bottrunda (36–40 + 46, 47, 49): Ca. 8 km rundtur – fin pauseplass ved stolpe 38. Litt is på baksida, vis omsyn.

🏔 Ski- og trugekart Sota – 23 stolpar
Løypa frå Mysubytta er køyrd med scooter
Resten går utanfor oppkøyrde løyper – anbefalt med fjellski eller truger
NB! Bomveg: 150 kr

Turar:
- Sota – Mysubytta (1–8): Ca 6 km ein veg. Fin tur langs vegen innover til sætrene.

- Gamle Kleivvegen (11–13 + 15–20): Turen er 2,6 km ein veg. Ikkje preparert – flott for eventyrlystne på fjellski/truger. Går du bilvegen tilbake, er heile runda 5,3 km frå Dyringsbrua.

- Liavatnet hyttefelt: Fleire stolpar i området.

💛 Tusen takk til dei frivillige!
Utan dykk – ingen stolpejakt!
Ekstra kjekt i år med påskepynta stolpar 🧣🎩 Eva og Stine har sørga for at stolpane held seg varme på øyrene!
Takk til alle som har bidrege 💪

🙌 Støtt løypene
Skjåk turløyper – det snør ikkje skiløyper av seg sjølv.
Har du moglegheit, set dei stor pris på eit bidrag 💙
👉 løyper.net

📸 Del påsketuren din!
Kom deg ut, nyt påska – og del gjerne bilete frå stolpejakta på ski!

Sjå så fine skistolpane i Skjåk blir! 🎿✨Tusen takk til alle dei fantastiske frivillige som har strikka og hekla luer til...
09/03/2026

Sjå så fine skistolpane i Skjåk blir! 🎿✨

Tusen takk til alle dei fantastiske frivillige som har strikka og hekla luer til stolpane – dei set verkeleg farge og varme på stolpane våre. 🧶❤️

No er stolpane på veg ut, og 18. mars er dei klare for scanning. Lite snø gjer at vi dessverre ikkje får sett opp alle stolpane vi hadde håpa på i år, men det blir likevel mykje moro:

📍 Grotli, Nysetra, Billingen og Botn får eit felles kart med 45 stolpar
📍 Sota får eit kart med 18 stolpar (kanskje heilt opp til 23 dersom føret tillet det!)

Alle stolpane ligg langs oppkøyrde skiløyper – så det ligg til rette for mange fine turar på ski medan du samlar stolpar.

Velkomen ut på tur i vinterfjellet! ❄️🎿

🎉 Nyheit: Stolpejakt på ski i Skjåk! ⛷️📸For første gong inviterer vi til stolpejakt på ski!Frå 15. mars til 15. april (e...
27/01/2026

🎉 Nyheit: Stolpejakt på ski i Skjåk! ⛷️📸

For første gong inviterer vi til stolpejakt på ski!
Frå 15. mars til 15. april (eller så lenge føret held) kan du jakte stolpar langs preparerte skiløyper i Skjåk.

Dette er ei skikkeleg gladnyheit for alle stolpejegarar som synest ventetida til sommarsesongen blir litt for lang ❄️➡️☀️

Stolpene er under planlegging no, men du kan glede deg til stolpar på:
📍 Sota
📍 Grotli
📍 Nysetra
📍 Botn
📍 Åsen rundt

Så finn fram skia, lad mobilen og gjer deg klar – dette blir gøy!
Me kjem tilbake med meir info når alt er klart 👀✨

Sota Sæter Grotli Skiheiser Grotli Hyttefelt Skjåknaturlegvis Skjåk turløyper DNT Gudbrandsdalen

🌟 Stolpejakten 2025 – for ein sesong! 🌟Tenk at stolpane i Lom og Skjåk har blitt besøkt over 60 000 gongar i år 🤯🚶Det ti...
03/10/2025

🌟 Stolpejakten 2025 – for ein sesong! 🌟

Tenk at stolpane i Lom og Skjåk har blitt besøkt over 60 000 gongar i år 🤯🚶
Det tilsvarer heile 60 696 km til fots – altså som å gå 1,5 gong rundt jorda 🌍 eller Lom–Oslo tur/retur meir enn 100 gongar!

🙌 Ein stor takk til dei 12 frivillige som har stått på med planlegging, utsetjing og innhenting av stolpar. Utan dykk hadde ikkje over 3300 deltakarar fått oppleve årets stolpeeventyr 💚

🏆 Dei mest ivrige?
Heile 8 stolpejegarar har tatt alle dei 171 stolpane – og nokre gjer det år etter år!

🥯 Når vi reknar på det, har årets deltakarar brent ca. 3 millionar kcal 🔥
…det er faktisk nok til å ete 12 000 kanelbollar. (Kanskje derfor det ofte er kø utanfor bakeriet i Lom 😉)

🍕 Sesongen vart runda av med pizzakveld på Dønfoss, der over 40 stolpejegarar kom med gode idear for neste år.
Vi gler oss allereie til Stolpejakten 2026 – håpar du gjer det same!

🙏 Tusen takk for ein utruleg kjekk sesong og alle dei fine attendemeldingane 💚

📸 La oss feire årets stolpejakt!
Del ditt beste stolpejaktbilete i kommentarfeltet 👇 – så kan vi mimre litt saman om årets turar!

🎉 Stolpejaktavslutning i Lom & Skjåk! 🎉Stolpejaktsesongen går mot slutten – siste dag å registrere stolpar er 25. septem...
01/09/2025

🎉 Stolpejaktavslutning i Lom & Skjåk! 🎉

Stolpejaktsesongen går mot slutten – siste dag å registrere stolpar er 25. september.

Bli med og feire med pizzakveld på Dønfoss Camping:

📅 Fredag 26. september kl. 18.00
🍕 Gratis pizza (drikke kan kjøpast på staden)
🏆 Premieutdeling & uttrekkspremiar
💡 Idémyldring for sesongen 2026
🤝 Sosialt og hyggeleg lag

Kven kan kome?
✅ Alle som har besøkt minst 25 stolpar i Lom eller Skjåk
✅ Alle våre frivillige hjelparar

📌 Påmelding innan 22. september - Invitasjon: Stolpejaktavslutning i Lom og Skjåk
📲 Spørsmål? Send SMS til Anita: 997 12 677

👉 Arrangementet er gratis – vi spanderer pizza!

🌲 Bli med og avslutt stolpejaktsesongen saman med oss! 🌲

Info om stolpe nr. 15 (Lomskartet):Stolpen har vore øydelagt, men er no erstatta. Den ser ikkje heilt like fin ut som fø...
27/08/2025

Info om stolpe nr. 15 (Lomskartet):
Stolpen har vore øydelagt, men er no erstatta. Den ser ikkje heilt like fin ut som før, men QR-koden fungerer som den skal.
Gi gjerne beskjed om nokon planlegg tur dit og kan ta med ein ny lapp for å klistre på.

Adresse

Industrivegen 10
Bismoen
2690

Telefon

+4799712677

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stolpejakten Lom & Skjåk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stolpejakten Lom & Skjåk:

Del