09/08/2026
Den siste helga av Bergen Spillfestival blei det arrangert to Scrabble-turneringar på Bergen Internasjonale Kultursenter.
Dei åtte påmelde til den første turneringa møttest til dyst laurdag 8. august, med Kristian Thulin som turneringsleiar. Dei blei ønskte velkommen av tilreisande medarrangør Hilde Nordnes.
Etter seks spennande rundar (sjå https://live.jsvendsen.no/sib26-7/ ) endte desse tre ringrevane på pallen og fekk medalje, som seg hør og bør:
1. Frode Salomonsen
2. Kristian Thulin
3. Ruth Larsen
Beste bingo vart KLUMPFOT, lagt av Eva Marie Wathne.