11/06/2026
🌈Laurdag 6. juni blei årets prideparade arrangert i Bergen som ei storslått avslutning på Regnbuedagene 2026 🌈
Vestland idrettskrets deltok i paraden med banneret «Idrettsglede for alle!» Idrettslag, særkretsar og regionar blei invitert med for å vise at idretten ønskjer å vere ein inkluderande og trygg arena for alle som vil drive med idrett.
Idrettskretsen vil takke dei idrettslaga og medlemmane som stilte opp i paraden og med dette synleggjer vår visjon «Idrettsglede for alle!»