Hovden-Barekstad Grendalag

Hovden-Barekstad Grendalag Øya er med sine 15km2 den største i kommunen Flora. Rett vest om øya ligg Hellefjorden med havet rett inn. I nordvest ligg Kvannhovden fyr Kom til Hovden!

Friluftsliv
Nordsjøløypa
Ruteinfo
Tilflytting
Vi, fastbuande i Barekstad/Hovdevåg vil gjerne informere og vise fram øya vår til feriefolk og andre som vil feriere eller slappa av for ei helg, veke eller meir. Eller for den som vil prøvebu i ein utkant vest mot havet.
Øya er med sine 15km2 den største i kommunen Flora. I nordvest ligg Kvannhovden fyr med sin særeigne barske natur. Konglomerat stein

som er reinskurt av regn, vind og sjøsprøyt, gjev ein spesiell oppleving. Vel verd eit besøk. hovdetre.jpgHer er flotte vatn på fjellet, og vi har merka Nordsjøløype på ca. 25 km både langs med stranda og over fjellet. 5 – 6 valgmulegheter med varierte trasèer. Nokre lettare enn andre å gå. Nokre med finare utsikt enn andre, men alle gjev flotte naturopplevingar. Det er sjølvsagt muleg å gå utanom stiane og det er lett å finne tilbake oppe på fjellet. Dei mange grusvegane på øya er spesielt godt egna for sykkel, og då kan ein nyte naturen på vegen. På opphold her ute på øya kan du vere heldig å sjå ørn, hegre, skarv, falk og fleire sorter måse. Terne, kjeld, og vipe er her også. Grågåsa hekker spesielt på austsida av øya, og er ein konkurrent for sauene om beiteplassen. Til tross for at øya har lite skog, kan ein vere heldig å finne mange sorter småfugl der det er planta gran og furu, og der lauvskogen har funne seg ein lun krok å vokse opp. Om hausten kan ein også vere heldig å høyre ugle. Om våren høyrer vi orren synge i bakkane over busetnaden. Rypa hekkar nok også på fjellet, men ikkje i store mengder. Otaren har innteke øya over alt. Minken er noko mindre representert. Hjort er det mykje av på øya. Pinsvin og røysekatt er også 2 dyr som finst her. Vi bebuarane er stolte av det rike dyr-og fuglelivet her og vi vil gjerne dele desse fine naturopplevingane med fleire. barekstad.jpgSjøen ligg berre å ventar på at folk skal komme å ta den i bruk, i form av motorbåt, småbåt, robåt, kano, seilbrett m.m. Her kan berre fantasien sette grenser. Rein klar luft og frisk bris høyrer med i havgapet. Eit opphold på øya kan vere sunt for både skjel og lekam. Vi høyrar stadig frå dei som har vore her, at sjølufta får dei til å sove godt og gjev god appetitt. Dette er noko av det du kan oppleve. Ta turen og besøk oss, eller busett deg her, så kan du sjølv bedømme. Vi har hus til leie for fastbuande og vi har gratis tomtar for interesserte som vil busette seg her. DU er velkommen!

Turbok på Vemannsrøysa er no kommen på plass i turboksen for ein ny sesong.  Boka vart teke ned i november 2025, men er ...
01/03/2026

Turbok på Vemannsrøysa er no kommen på plass i turboksen for ein ny sesong. Boka vart teke ned i november 2025, men er no på plass i boksen. Skriv gjerne namnet og dato i boka når du er der. God tur!

Minner om sommarbasaren i Barekstadtun laurdag 19.07. Det er no bestemt at det vil vere loppemarknad samtidig med basare...
13/07/2025

Minner om sommarbasaren i Barekstadtun laurdag 19.07.
Det er no bestemt at det vil vere loppemarknad samtidig med basaren.

For den som vil levere gevinster er det høve til det mellom kl. 18,00 - 19.30 på torsdag 17.07 når grendalaget ordner og lager klar til basaren i grendahuset.

Grendalaget håper på godt ver og eit godt oppmøte på laurdagen.

Alle er velkomne.

TUPPERWARE-PARTY I BAREKSTADTUN, FREDAG 13.06.2025.Det vert salg av tupperware-produkter i grendahuset Barekstadtun, fre...
01/06/2025

TUPPERWARE-PARTY I BAREKSTADTUN, FREDAG 13.06.2025.

Det vert salg av tupperware-produkter i grendahuset Barekstadtun, fredag 13.06.2025 frå kl. 18.00 og fram til ca. kl 20.30.

Anne Karin kjem med sin bil full av tupperware-produkter til oss. Dette er truleg siste gong vi får høve til å kjøpe tupperware produkter, sidan dei offesielt er konkurs her i Norge. Anne Karin har selt tupperware i fleire tiår og har mange gode produkter enno på lager. Kanskje har ho lokk og deler som ein har ødelagt eller mista. Ta turen innom grendahuset denne fredagen til ein gratis kaffekopp og ein prat og sjå kva Anne Karin har å tilby.
Alle er velkomne.

Grendalaget er so heldig å ha fått eit fint maleri, malt på lerret og ramma inn av Anita Steinset til vår påskebasar skj...
13/04/2025

Grendalaget er so heldig å ha fått eit fint maleri, malt på lerret og ramma inn av Anita Steinset til vår påskebasar skjærtorsdag 17.04.2025 kl 16.00. Bildet er kalt "Blåtimen" og har ein verdi på kr. 3500,-. For den som kunne tenke seg å ha bildet hengane på veggen sin, er det mogeleg å ta lodd på eiga loddbok på dette bildet og kanskje har ein hellet med seg. Sjå nettsida til grendalaget: www.hovden-barekstad.no for den som vil ta lodd om korleis ein går fram. Det andre bildet er frå barnegevinstane på påskebasaren 2024. Vel møtt på basar.

Adresse

Barekstadlandet
6916

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hovden-Barekstad Grendalag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hovden-Barekstad Grendalag:

Del