Kommunal arealplan for Øksnesmarka og Åråsvågen skal på ny høyring, sannsynlegvis i løpet av sommaren eller tidleg i haust. Eit knapt fleirtal i Austrheim kommunestyre har vedteke å leggja inn att eit 900 da stort område til industri og næringsverksemd, trass i motstand frå rådmannen og fire politiske parti. Det vil føra til store og uopprettelege inngrep i ope og vakkert landskap. Biologisk mangf
ald med raudlista naturtypar og sterkt trua artar vil bli øydelagd. Planane vil få store negative konsekvensar for friluftsliv, kulturminne, folkehelse og utmarksbeite i det største samanhengande urørte landskapet som er att i Austrheim. Med utbyggingsplanane som er skisserte, vil dei føra til minimalt med arbeidsplassar, og vi har meir enn nok næringsareal rundt Mongstad der Johan Sverdrup vil føra til ny vekst. Industri i Øksnesmarka er merkevareknusing som vil gjera kommune mindre attraktiv å bu i. Den folkelege motstanden mot industri i Øksnesmarka og Åråsvågen er stor. Det viser underskriftskampanjen. Kjærleiken til marka og vågen er endå større, og vi krev å bli høyrde. Det skal vi klara gjennom mobilisering, arrangement og aksjonar. Slaget er ikkje tapt. Dette er ei sak vi kan vinna