12/04/2026
Fire vaksne, åtte spreke barn, fem telt, og tre til på kvelds. Det var oppskrifta på ein super overnattingstur på Ripeneset i Rivedal. Det var hakket meir vindfullt enn vi hadde håpt på, men telta sto stødig, og det blas ikkje inni dei 😅 sjølv om det reiv godt i teltduken. ⛺️
Vi grilla pølser i bålpanne, grilla marshmallows og smågodt (😆), plukka boss i fjæra, og fann ein fotball som vi spelte litt med. Nokon hang opp hengekøye også, men det var berre å gløyme 😂
Tusen takk for ein kjempetur! Dette var kjekt, og vi håpar vi kan gjenta det, ein gong det ikkje nødvendigvis er like mykje vind.
Barna fekk diplom og premie 🥇