Å+ Årdal

Å+ Årdal På denne sida kan du fylgje med på kva som skjer i Å+ - nettverket for oss under 40 i Årdal!

Om du er mellom 20 - 40 år og jobbar/bur i Årdal, meld deg inn i gruppa: https://www.facebook.com/groups/1130126982655682/

13/05/2026

Fleire spanande arrangement i Å+ framover.

Me inviterer mellom anna til:
🎸 Vorspiel til Målrock-laurdagen
⚽ Sosial kveld i samband med Noreg – Frankrike i VM
☕ Eit sosialt afterwork-arrangement

Meir informasjon om dei ulike arrangementa, samt påmelding, finn du i gruppa vår 😊

Det skjer mykje kjekt i Å+ framover, og me håpar å sjå mange av dykk der!

Å+ spanderer inngangsbilletten på sine medlemmar til Ben Ward-arrangementet måndag 9. februar 🎉 https://ardalbibliotek.n...
07/02/2026

Å+ spanderer inngangsbilletten på sine medlemmar til Ben Ward-arrangementet måndag 9. februar 🎉 https://ardalbibliotek.no/arrangement/ben-ward-fjellgarden-kroken-drommen-om-et-enklere-og-mer-komplisert-liv/?occurrence=2026-02-09

Påmelding i gruppa: https://www.facebook.com/groups/1130126982655682

Hugsar du Ben Ward frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu? Engelskmannen flytta frå storbyen London for å skape eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Luster i Sogn. Ben trudde han skulle setje garden Kroken i stand – men oppdaga at han òg trong reparasjon. Kroken er eit prov ...

❄️ Neste arrangement blir bål- og skitur på Seimsåsen i februar.Her blir det høve til lange turar, korte turar og hygge ...
29/01/2026

❄️ Neste arrangement blir bål- og skitur på Seimsåsen i februar.

Her blir det høve til lange turar, korte turar og hygge rundt bålet.
Å+ stiller med enkel grillmat, kaffi og kakao ☕️

Om du vil gå på ski men ikkje har ski kan du låne dette på Biblioteket i Øvre Årdal⛷️

Påmelding i Facebookgruppa Å+ Årdal for Å+medlemmar.

Vel møtt! ❄️

Heisann! På denne sida har det stått stille sidan skipingsfesten i september 2025, men derimot har det skjedd mykje i Å+...
09/01/2026

Heisann! På denne sida har det stått stille sidan skipingsfesten i september 2025, men derimot har det skjedd mykje i Å+!

Eit halvår har gått sidan skipinga, og etter det har vi hatt mange flotte arrangement. Mellom anna har vi bada og strekt på kroppen i Seimsdalen, snakka oss bort på julebord, og snekra nokre flotte peparkakehus på juleverkstad! Her har vi både fått prata med kjende, men òg knytt nye kjennskap. Dette satsar vi på å gjera endå meir av i 2026! Vi har òg vore så heldige at Sogn Sparebank ynskjer å støtta oss økonomisk, slik at vi har fått sett saman eit flott årshjul som de kan sjå på det vedlagde biletet. Dette er ein førebels plan og opne for endringar. Vi har allereie tankar om fleire arrangement vi vil få til 😊

Framover vil vi poste arrangement med påmelding i facebookgruppa Å+ Årdal, samt på mail til dei som har oppgitt mailadressa til oss. Om du vil ha moglegheit for deltaking, meld deg inn i facebookgruppa eller send mail til [email protected]

Etter kvart skal vi også velje styremedlem til organisasjonen vår, så om du kunne tenke deg å vere ein del av denne flotte og initiativrike gjengen må du melde interesse når den tid kjem! 😊

Vårt komande arrangement er ølsmaking (også med alkoholfritt alternativ) og snacks på Klingenberg hotell den 24. januar. Sjå eigen post i gruppa om dette for påmelding 😍🥳

Vi gler oss til det nye året og håpar på å bidra til sosialisering og aktivisering av Årdals befolkning mellom 20-40 år 😍

Nytt nettverk i Årdal👋🏼 Ein arena for alle under 40 år, som har som mål å gi eit samlande og sosialt tilbod, der ein kan...
07/09/2025

Nytt nettverk i Årdal👋🏼
Ein arena for alle under 40 år, som har som mål å gi eit samlande og sosialt tilbod, der ein kan knytta nye bekjentskap gjennom aktivitetar og arrangement.
Laurdag 13. september går startskotet, og me håpar mange vil vera med på denne reisa som nettopp starta🚀

🎈Stiftingsfest laurdag startar i Årdal Teknologipark med infomasjon og kake, før turen går vidare til Tya Bar!
Gratis mat og gratis skyss (ÅTG/Seimsdalen) til alle påmeldte. Påmelding via QR-koden eller link i kommentarfelt.

Vel møtt!

Adresse

Årdal

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Å+ Årdal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del