Åmli Historielag

Åmli Historielag Velkommen til Åmli Historielags FB-side. Likar du gamle bilete, vil vite kva som skjer (har skjedd)

21/05/2026

Kverndagen den 8. september 1990 på Harstveit.
4 spræke karar poserer framom kverna på Harstveit. Frå venstre ser me Ivar Sundstøyl, Olaf N. Oland, Arthur Raudåna og Scott Aanby.
I år er det 36 år sidan denne hendinga, og av desse fire karane er det berre Scott som framleis er blandt oss, og framleis er i full aktivitet.

17. mai feiring.Bilete under er frå feiringa i Åmli sentrum i 2011.I morgo er det igjen tid for markering av fridommsdag...
16/05/2026

17. mai feiring.
Bilete under er frå feiringa i Åmli sentrum i 2011.
I morgo er det igjen tid for markering av fridommsdagen vår. La oss vise at denne dagen er viktig for oss alle. Me har hatt fred i landet vårt i 81 år, la oss håpe at me framleis får leve i fred.
Ute i den store verda er det uro og krig fleire stader, og mange opplever vonde ting. La oss håpe at dei som sit med makt og styring kan finne løysingar slik at det blir fred igjen.

Fiskå, gamal buplass i sydenden av Håkedalsvatnet.I tidligare tider var det fleire små buplassar kring Håkedalsvatnet. D...
15/05/2026

Fiskå, gamal buplass i sydenden av Håkedalsvatnet.
I tidligare tider var det fleire små buplassar kring Håkedalsvatnet. Desse gamle buplassane høyrer til dei 2 gardane som ligg litt syd for vatnet med eit unnantak. Lauvdal, som ligg ca 1 km nord for Håkedalsvatnet høyrer til Gunleifjell i Tovdal.
Bilete under viser Fiskå, og blei teke i 1996, og her ser me restar etter ein bygning som er i ferd med å rase saman. I fylgje bygdeboka for Tovdal, er det lenge sidan det budde folk fast her, men truleg blei staden seinare bruka som støyl og beiteområde for husdyra frå det eine bruket.
Bilete er 30 år gamalt, og nå står ungskogen tett i området.

Dugnadsgjeng på Ferjesundet tidleg 1990-talet.På det fyrste bilete ser me frå venstre: Amanda Lunden, Hilborg Vehusheia ...
09/05/2026

Dugnadsgjeng på Ferjesundet tidleg 1990-talet.
På det fyrste bilete ser me frå venstre: Amanda Lunden, Hilborg Vehusheia f. Forberg, Emmy Hookham, Anne Tone Aanby og G**o Engenes.
På det andre bilete er endå fleire samla. Me kjenner att nokre, men kom gjerne med namn.

Aktivitet på Ferjesundet på 1990-talet.Desse bileta er frå 1993 og er etter John Seldal. Historielaget hadde då ein rela...
05/05/2026

Aktivitet på Ferjesundet på 1990-talet.
Desse bileta er frå 1993 og er etter John Seldal. Historielaget hadde då ein relativt omfattande reparasjon på Ferjesundet med stor dugnadsinnsats. Historielaget overtok då ei gamal ferje opp ved Lia og frakta denne ned til Ferjesundet. På det andre bilete ser me ferja på elva med fleire personar ombord og der Ferjesundet dannar ein fin bakgrunn.
Det blei gjort ein del reparasjon på ferja, og for å ta godt vare på denne blei den senka ned i elva utafor der trafikken i tidligare tider gjekk over elva. Der ligg den ennå.

Åpent møte i Åmli Dialekt- og Mållag.Før det åpne møte hadde Åmli Dialekt- og Mållag årsmøte, men frå kl 19.00 var det å...
29/04/2026

Åpent møte i Åmli Dialekt- og Mållag.
Før det åpne møte hadde Åmli Dialekt- og Mållag årsmøte, men frå kl 19.00 var det åpent møte der temaet var den store Åmli- diktaren Engvald Bakkane.
Scott Aanby heldt eit fengslande kåseri der han på breid basis gav oss ei innføring knytt til den omfattande produksjonen til denne lokale forfattaren. I 1997 ville Engvald Bakkane ha fylt 100 år, og Scott kom i særleg grad inn på det store skodespelet som då blei arrangert på Rislandsjordet. Ei flott oppleving for alle dei som deltok. Kjell Åsen frå Nissedal var svært sentral i oppsettinga av dette skodespelet.
Me legg ved fleire foto, der møtelyden på det åpne møtet er med. Vidare har me med foto av diktaren, Engvald Bakkane, og 2 foto frå ei av oppsettingane frå skodespelet.

Gamal traktor på Innjorda syd for Dølemo.Denne traktoren kjøpte Gjermund Seldal i 1923. Korleis han fekk den over elva t...
28/04/2026

Gamal traktor på Innjorda syd for Dølemo.
Denne traktoren kjøpte Gjermund Seldal i 1923. Korleis han fekk den over elva til Innjorda kan ein berre undrast over, men truleg fekk han den heim etter den gamle "byvegen" om Moe. Dei seinare åra stod traktoren lenge i ei bu inntil saga som Gjermund hadde litt syd for garden. Traktoren blei også bruka der som drivkraft for saga.
Traktoren blei ikkje bare bruka på Innjorda. Nokså tidleg etter at Gjermund hadde fått traktoren, var han nedover til Øyestad og Nedenes der han tok på seg jordarbeid slik som pløging osv. Det er vanskeleg i dag å førestille seg korleis ein slik tur måtte vere etter vegen på jernhjul.
Bilete under er av relativt ny dato og viser Gjermund sitjande på traktoren. Kor denne traktoren er i dag veit me ikkje, men den blei seld og er ikkje lenger på garden.

Ein litt anna versjon av den orienteringa me la ut for litt sidan.
25/04/2026

Ein litt anna versjon av den orienteringa me la ut for litt sidan.

25/04/2026
Gamalt bryllaupsfoto frå Øy.Dette flotte bilete er lagra av historielaget, men me har ingen opplysningar om tidspunkt. V...
22/04/2026

Gamalt bryllaupsfoto frå Øy.
Dette flotte bilete er lagra av historielaget, men me har ingen opplysningar om tidspunkt. Vidare har me ingen namn på personar.
Er det nokon som kan gje oss fleire opplysningar?

Adresse

Åmli Historielag V/Anne Tone Aanby
Åmli
4865ÅMLI

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Åmli Historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Åmli Historielag:

Del